Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Signe Apalstødi

 

I Kvitseid var jamleg brydd av tussebelar, daa ho var ung gjente.

Serskilt var det ein som kridde so paa, og vilde hava ho ned for tvert. Det muna ikkje hot Signe sa, ho var baade vond og god for aa bli kvitt honom, men att kom ‘n og baade tagg og trygla. Men Signe sa plent nei. Sistpaa tydde ho til pre¬sten, bad so honom fri seg fraa tussebelen. Presten raadde henne til aa koste seg ei sylje med sju ervesylv i. Detta hjelpte. Tussen kom att endaa ei gong; men so var det slutt og ho saag honom aldri meir. Men førr han reiste lova han henne vonde livedagar.

«Du skaa koma te faa sut aa motgangar aa liva i stor armo alle dine dagar,» sa han.

Soleis gjekk det au. Signe vart gift og livde i stor fatigdom; um nokre aar døydde mannen hennar au, og daa vart det endaa verre.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *