Internt referansenummer: 03.05.2011 – Bok
Kilde: Humor og folkeminne frå det gamle Kvinesdal
Av Ånen Årli
Trykk: S. Bern. Hegland A.S. – Flekkefjord november
Illustrasjoner av Kåre Sandvand (“Sandis”)

Signe Johannesdatter

Fia Stakkeland hadde ei søster som heitte Signe. Ho budde heime på Gausdal. I ca. 1849 var ho på tinget i Hægebostad. Her kom ho samen med ein gift mann frå Eiken. Nokre veker etter merka ho at ho var gravid. Då budde ho på Stakkeland hos søstera.

Ein morgon fekk Fia høyra skrik og sår gråt bak huset. Det var Signe som gret og sa at ho ville søkka seg ned i Stakkelandsvatnet. Men Fia sa at då blei ho ikkje salig. Seinare blei ho gift med Jakob på Kanten frå Mandal.

Nå fekk dei leiga ei utslåtte mellom Stakkeland og Sandvatn som heiter Skarstøl. Her budde dei under ein stein. Dei hadde ei ku som stod bunden på andre sida av steinen. Blei det altfor kaldt, fekk dei bu på Sandvatn, fortalte Ole Gausdal.

Det har vore mange steinras frå heia så helleren dei budde under er ikkje synlig idag.

Her ville dei bygga seg hus. Jakob fekk ferdig murane og dei er synlige idag. Alle steinane er like tykke. Jakob for rundt i heia og samla stein som han bar heim på ryggen.

Her kunne dei slå nok høy til ein stakk på 10 byrer. Det var ikkje nok til ei ku.

Når Jakob fraus på hendene, gjekk han ut til kua og vermde dei kalde fingrane på juret til kua, fortalte Ole Gausdal.

(Bildet er kun et illustrasjonsbilde)

Folketelinga for 1865:

Jakob Eriksen 75 år. Signe Johannesdatter, hans kone 55 år.

Tre år seinare gjekk Jakob til Hauan og hengde seg. Nå blei det slutt på armoda. Datter til Signe blei godt gift og arva mykje jord.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *