Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Signekjerringer

Ei frå Tupperud og ei frå Sotbråtån…

Ei frå Tupperud og ei frå Sotbråtån kunne gjøre åt. Ei frå Sjønnerud i Ullern signa for ormebett.

Marte Mellom gjorde ein gong åt for ei ku som ikke ville gå heim att om kvelden. Da ho var gått og folk skulle setja seg til bords om kvelden, fekk de se at det var tulla kurumpetagl rundt eine bordbeinet.

Skru-Nils var ståterkonge og bodde i ein huk bortmed Skårer ein stad. Han hadde svartboka, fortalde ein. Han så a ein gong med eigne auger. Ho var enda svart utapå og hadde blodraue bokstaver.

Så må det ha vori ei i Torsrud mellom tølene hennes Kari, sia E. kan gi att så pass mye av de gamle rådene. — Ja i Fulusaga skal det au ha vori ei svartbok, blir det sagt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *