Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.

Signekjerringer

Kari Torsrud

 

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

Kari Torsrud gikk vanlig og bar på ein skinnpåså (kalvskinnshit). I den samla ho både rognebark og andre vekster. Barken togg ho ihop med sukker. — Det er maten min det, sa a.

Blad og ymse urter plukka ho og gøymte innpå bringa eller i påsan sin. Mye av det blanda ho i medisiner til bruk mot mange slags sjuker på folk og fe.

I Hærnesvangen (vestafor Høljulen) var det ein jentunge ein gong som sette seg halvnaken på ein gloheit omn. Jenta kom like tur senga om mårån, og skulle varme seg bortpå den vesle kokomnen, slik ho var vant til. Men det vart tilstand! — Eit stort skinnstykke satt att på omnen, og det vart ein skrik og jammer på jenta så det var fælt.

Så snart de kunne skikka de bod etter a Kari Torsrud, at ho måtte komma så fort a berre vann. Da a Kari kom, bad a om lite brennevin i eit glas. og det gikk a utom døra med. Truleg les a over det og gjorde tegn og merkelige fakter. Da ho kom inn att, vaska ho brannsåra med brennevinet. Det hjelpte straks, og jentungen gav seg med å tute.

Ja, nå skal det gå 9 døgn, sa a Kari; men så skal det bli likere. — Og slik gikk det au.

(Høljulvangen.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *