Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Sigøynerska på Nedremyr

Skilnaden på ei gjente og ei fente, framandfente, i Hallingdal er denne: at gjenta høyrer hei¬me i Hallingdal, medan fenta er framand og går i framand klædesbunad.

Ein kveld i gamle dagar kom det ei framandfente — sigøynerske — til Nedremyr til ein busete som budde der. Framandfenta var ikkje gamal, men som fant flest hadde ho sekk og stav. Dette sette ho frå seg og so sette ho seg sjøl i kubbestolen ved pensen og sa:

«Her set eg min sekk og min stav
og her vil eg vera til min døyand’ dag».

«Te Helvetis med deg, di fantekjæring!» sa buseten, sprang upp or sengi og heiv sekken hennar ut på dørhella. Men med det sama sekken tok hella høyrde han det skrangla og song i sekken, som han skulde ha vore full av sylvpengar. Då tenkte buseten seg um, gjekk ned i fjøset til budeia og bad henne koma inn og stelle til mat og seng, for det var kome ei fente til gards, sa han.

Endskapen vart, stutt fortalt, at Nedremyrbuseten og fenta vart gifte, og han fekk so mange pengar med henne at han løyste seg or all gjeld han var i på garden og hadde mange pengar utan um — kor mange visste ingen.

Sigøynerska planta ei bjørk der på garden og denne bjørki vart både stor og frodig. Og so bad ho um at ættlingane der på Nedremyr kvar haust skulde leggja eit lass møk ved denne bjørki og hegne og stelle vel med henne, «for so lenge denne bjørki står i trivnad skal det ikkje vanta noko på Nedremyr», sa ho. Bjørki står der framleis og blir stelt med, slik som ættemori bad um, og ætti bur på garden.

Nedremyrsbjørki er vide kjend, for her hengde gutane alle desane dei var for å stela frå gjentune natti fyre påskelaurdag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *