Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

 

Sikra kyrne

Det har vore nytta ymse hjelperåder for å sikra at det gjekk bra med buskapen gjennom sommaren. I Gauldalsbygdene og også i Rørosbygdene har stålet stått sers høgt i kurs.

Mange stader la dei ein tollekniv utfor fjøsdøra første dagen buskapen slapp ut. Kniven låg slik at alle dyra måtte skreva over han. Når siste dyret var ute tok budeia kniven og slo han inn i stokken over fjøsdøra. Her sto han så heile sommaren.

Dette vart kalla ”å sikra kyrne”.

Dei ville gå heimatt, og det ville gå bra med dei sommaren igjennom. Udyra ville ikkje skada buskapen.

Dette vart gjort også første dagen kyrne vart løyste ut or sæterfjøset.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *