Internt referansenummer: 11.03.2011 – II – BOK
Kilde:
EG MINNEST
Nils Sund
Klikk her for å lese en «minibiografi» om Nils Sund.
Nils Sunds forlag
Haugesund 1951
Nils Sund trykkeri, Haugesund
Klikk her for å lese innledningen

 

Sildafiskje i Haugesund

Overlærar Halvorsen seie i Haugesundssongen sin at «sildestim som berge siger inn ad fjord og led». Ja, så har det vore nå frå 1880-årå, men tidsbolkar med sild har skift med tidsbolkar utan så langt tebars som me veit om fiskje. Eg kan såleis nemna at bispen i Bergen sende ei sildalast te Leeds i England i åre 1304. Då må her ha vore fiskje. Men i 1317 kjøpte bergenserar sild frå Danmark og det hadde dei ikkje gjort dersom her hadde vore fiskje då.

Seinare er det ei melding om at sildå blei borte frå Vestlande i 1569. Då kan det ha vore fleire tidsbolkar med sild sia hu kom vekk eingong mellom 1304 og 1317, la oss seia i 1314. Reknar me at tidsbolken frå sildå kjem vekk te neste gong hu kjem vekk er på 85 år, sku det ha vore 3. I 1784 kom sildå vekk igjen, men den sjette februar 1808 gjekk hu inn i alle vikar og vågar på. Skudneslande.

Dei arbeidsføre mannfolkjå var i krigen, berre gamle kadlar, kvinnfolk og bådn var heima. Men dei greidde å få på sjøen notbåtar som hadde stått på land og gisna i mange år og med gamle garn og nøter gjore dei storfiskje. Det kom sandeleg vel med, for nå svalt dei.

I 1809 gjekk sildå ikkje te lands. Men i 1810 sto hu som eit berg på nordsiå av Sira. Der auste dei sild opp or lause sjøen og sia kom hu årvisst «inn ad fjord og led». Då blei Haugesund bygd «på sildabein» som Lars Meling syng i sin by-song.

Så seint som i 1845 budde her berre 157 mennesker. I Koparvik budde 600 og i Skudeneshamn 500. Men 6 år etter var folketale her kome opp i 800 og i 1866 auka te 4000. Folk kom frå bygdene rundt byen, frå Sunnhordland, Hardanger, Sogn, Ryfylke, Sørlande og mange kom øve fjellå heilt frå Voss, Suldal og Hallingdal, Valdres ja lika frå Toten. Det kunne vera opp te 30 tusen mann samla i vårsilddistrikte i fiskjetiå og mange likte seg så godt at dei busette seg her.

Te 1830 fiska dei mest med garn og lika te 1870 selde dei sildå på tal. Dei rekna møkje med sneis då: 5 sneis er eit hundre. Men i sildahandelen rekna dei med 6 sneis — 120 — i eit storhundre. Det kom seg visst av at det gjekk fira storhundre i ei tønna. Dei talde sildå så: i venstra håndå tok dei 1 sild, i høyra 2 og kasta dei opp på sjøhusgolve eller bryggjå. For kvart sneis kast (60 sild) la dei te sies 1 «talsild». Når det låg 8 «talsild» hadde dei kasta opp 480 sild som saman med dei 8 blei rekna for 1 tønna. Det er lite rimeleg at dei selde notsild på denne måten. Den må dei ha seld i mål: balgar, oppsette tønner eller på slump.

Sildå kom ti’leg då. Tri dagar føre jul måtte alt vera klart. Det hende dei gjore steng tredje jule-dagen.

Det var eit fælt slit å sigla og ro med notbåt og lettbåtar og kanhenda lossementskøyta attåt. Og uvisst kor sildå var, berre rykter å retta seg etter.

Her er ei visa som vossingen S. M. Bakkethun skreiv i 1855. Hu gir ei levande skildring av fiskje på den tiå:

Mel.: Kong Ring sad glad i Høibænk.

Min ven, jeg vil fortælle om våres fiskeri
og hvad der inn mon’ falle i denne travle tid.
Tidt må den stakkars fisker fordrage træl og harm,
ja til den våte trøie tidt skjuler naken tarm.

Før jul præsis tre dage må alting ferdig stå.
Vi da i båten drager, til Skudenes vi gå
hen der hvor kvalen stander med halen ut fra land,
med sin sølvklædte armé han pryder naken strand.

Der kaster vi vårt anker med glad og freidig hu,
utsiktene er gode, men lykken giver Gud.
Nu mastene nedtages og riggen op på land —
så taler note-basen, nu rask da alle mann.

Nu gutter holder aften og legger eder ned,
i nat ved midnatstider vi får vel ingen fred:
thi silden, den gudsgave, helst da går under land.
Nu fred så vil vi have, ja sov nu alle mann.

To Søringer på båten, det har så godt et lag,
opfostret iblant storme og dypen bølgedrag.
Hør deres daglig ordre: Hitop, strekk pigg, la gå!
en styrtning over borde de ei må akte på .

Nu Valdres kom i båten, men spring ei altfor hardt,
med dine jernskodd’ hæle du gjør stor skade snart.
Presenningen er frossen og toften sprød av is
og jøkler uten borde som børster på en gris.

Hufjeiamei, jeg kulser, nu vanterne i sjø.
Jeg treder dem på tiljen, så lærte mig min mø.
Sjøklæderne er frosne, kast dennem over bord
og trekk dem våd’ på kroppen, det bruges i vårt nord.

Drag ud din femrors åre og ro, så det har lag,
endnu har vi to timer, før vi har lyse dag,
hør kvalen hvor den bruser høit over bølgedrag
og måkehæren suser, — her bliver kast idag.

Nu Halling spring av båten og gjør landtauget fast,
forglem ei gammel vane, men gjør et hallingkast.
Glem heller ikke tingen, se neie på din bas,
presenningen tilside, nu kaster Jan og Lars.

Nu traf du Køhlers nøter med valgte raske folk.
Der føres ren kommando, men aldri tamp og svolk,
så traf du Lauritz Pettersen, en mann med nøter ti,
prøv ham i stormens susen, han seiles ei forbi.

Nu treffer du på Strilen med sin brunbarked’ not
med hvite vadmelsbukser godt bundet til ved fot,
tjenstvillige og flinke, men tirrer du dem op,
da har al fred en ende, alt venskap sier stop.

Og nu garnfisk’ren trives, thi loven gjør ham glad,
nu sover han så rolig, til han ser lyse dag,
da drager han som strømmen, om vinden den er mot,
man hører årers drønnen som lyden av en flod.

Den tapreste garnfisker østlendingen jo er,
Han har så fine velder, at silden dem ei ser,
tre mann på ekebåten fra Lista kommen er,
lad bølgen om ham fråde, han trodser alle skjær.

Østlendingen og skøiten, de trives godt her nord,
de er tilsammenviet av gamle, sterke Tor,
hun dukker under bølgen, han står på dekk i vann,
skyd frem hav, dig jeg følger, stå tør til høirød rand.

Hardangeren med jekten så stolt han fører den,
ei Frithjof bedre seilte på Grækens vande frem,
som svanen let hun svømmer, så skum står frem på bryst,
av sølvblank sild hun stønner, da danser hun med lyst.

Nu vrimler der av båter fra fjord og op til strand,
det kaldes kan en flåte med otte tusen mann.
Arbeiderne nu kjemper for statens vel og fred,
skjønt store til ham skjelder for dum opsetsighet.

De rappe ganejenter nu får arbeid i land,
ei salt’ren lenge venter før lasten er istand,
nu er de rosenkinder sterkt farvet utav blod,
og fiskens indvold skjuler deres skjørt fra top til fot.

Tenk disse raske jenter har sig et parlament,
en bill de har forfattet, den lyder så bestemt:
Er salteren for sparsom, har ei godt øl, lite brød,
la ham se tomme tønder og pungen ligge død.

Vel er vi bukseløse, vår lov gjør ingen larm,
men Anna Kolbjørnsdatter er skreven i vår barm.
Vår’ hender er opsvulmet av kværking, is og sne,
upruten ren betaling fornekter smertene.

Nu mange haver kastet og fisket meget godt,
men mengden står tilbake og har det ganske smått.
Tap derfor aldrig modet, til siste stund hold ut,
en være må den siste i vingården hos Gud.

Korn, gutter, ta inn riggen, nu må vi lenger nord,
nu kvalen med armeer går ind ad Bømmelfjord,
en del går mere vestlig inn under Espevær,
han er den anden hyrde, du kom ham ei for nær.

Nu Voss legg inn med åren og heis vårt seil i topp,
se etter alt i båten og klar pigfaldet opp,
se østens røde skyer og sydens mørke bank,
snefok og hagelbyger dig esker ut til kamp.

Garnfisker’n er ei kommen, nu er her plass for oss,
nu må vi sent og tidlig ro ut og få en lås,
vår pengepung er vissen, brødkisten er snart tom,
og svinelårets knoker de roper om pardon.

Nu har vi fået opsyn, det li’r vi ganske godt,
nu fredes fattig fisker, han aldrig blir til spot,
når ret og sandhet hevdes, da bor hver mann i fred,
den fattige får tale, og rik må holde ed.

En ting jeg vil advare storfiskeren så god,
på fisket ei at fare med mindste overmod
og dra prokuratoren fra andre steder hid,
del kjærlig med din broder, bedrag ei for en hvid.

Tenk ei at havets rikdom vil strømme til dit land
når du ei kjærlig deler med fattig, strevsom mann,
vel er din’ velder dyre, men mennesket langt mer,
måske i evigheten din not du aldri ser.

Nu vil jeg sangen slutte og legge pennen ned
med bøn til den Algode, at fisket varer ved,
at klippens søn får føde og dalens søn får fred,
at hver en nordmann virker med kraft til enighet.

Det blei arbei i land både for mannfolk og kvinnfolk. Så mange som kunne sleppa frå, gjekk i sildå. Tenestejentene 6g. Det var vanleg avtale med matmorå, at dei sku få gå i sildå og likevel ha løn, kost og hus mot at hu fekk halvdelen av det dei tente med sildarbeie. Ganelønå var 6-8 skilling tønnå — minst, når det var lite sild og mange ganejenter, mest, når det var møkje sild og få jenter.

I 1870 hadde alle gjort seg ferige te å ta mot den årlege gjesten. Fiskerane hadde nøter og garn klare, salterane hadde kjøpt tønner og salt, kjøpmennene hadde seld proviant og utstyr på kredit te øve fiskje, men sildå kom ikkje. Ja, det vil seia: her blei salta 25 tusen tønner, men ka var det? Det blei eit vanskelegt år for mange, men dei trøysta seg med at neste år sku det bli som før.

Neste år kom sildå ikkje. Dei 5524 tønnene som blei salta, var blandingssild. Fiskerane kom åre deretter òg, men ikkje sildå. I 1873 slutta fiskerioppsyne. Vårsildfondets sjukehus blei stengd og alt innbu seld på auksjon. Folk miste mote. Det blei visst aldri fiskje her meir. Dei hadde gløymt ut at sildå hadde kome vekk på same måten 85 år før, i 1784.

Det var vi’gjetne notbasar i den gamla sildatiå. Lauritz Pettersen var vel bas-bas i basabygdå, men Ingebret Storasund, Thomas Rossabø og Per Sund var ikkje vekke dei heller. Her var ein notbas, ein stor rusk ein, som dei kallte «Noråveen» og ein annan, ein liten sprett, «Himmelfarten» —eg hugsar ikke rette namnå deiras. Ein av desse to gjore eit varp i den sildalausa tiå, i 1878 eller 79. Han slumpa te å stengja ein stor sildadott som hadde tutla seg inn i Førlandsvågen. Det blei berre med den eine låsen. Men der blei folkavandring! Frå by og bygd. Av gamle for å friska opp gilde minner, av unge for å sjå ein sildalås som dei hadde høyrt så møkje snakk om.

Det var vondt at sildå kom vekk. Men det er som dei seie: «Det er aldri så gale det ikkje er godt for noke».

Eg sto ein gong oppe på Breidablik skule saman med storsyngjaren Thorvald Lammers. Han ville sjå utøve te Visnesfjellå. Far hans hadde vore bergmeister og av og te vore på Visnes koparverk i embetts medfør.

Ein gong hadde han skrive heim at det sto ringt te med jordbruke i Avaldsnes. Det var visst ikkje likare enn på Harald Hårfagre si tid.

Bøndene brukte treplogar og trespa’er, kyr og hestar var skitne og magre og hevdå låg ute og rann vekk i regne.

Men då kunne eg fortelja’n at det ser annleis ut nå. Då sildå kom vekk tok bøndene seg på, tak, grov veiter, tok vare på hevdå, dyrka jorå og held seg te jorå. Dei står nå fullt på høgd med dei likaste jordbrukerane i lande.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.