Internt referansenummer: 07.06.09 – A
Kilde:
UFREDSTIDER
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN II
NORSK FOLKEMINNELAG V
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1922
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Sima Berset

Sima Berset fekk ei kule i armen, so fingrane seinare krokte seg ihop, og handa vart vanfør. Daa han kom att fraa krigen, gjekk han i skule hos presten Mandal, og so vart han klokkar. Det var ein grusk klokkar, med di han var so god tel aa syngja; han song slik so det stod ord taa det. Men han hadde det ikkje godt. Han var ikkje gift og heldt seg stødt for seg sjølv. So tok drykken overhand paa han, og det vart reint ille med han sist paa han levde. Naar han ikkje var full gjekk han og stura, og ein dag vart han burte. Dei leita; men han kom ikkje tel rettes att, og so kom dei til det han hadde gjort aav med seg sjølv. Og so var det nok, for 14 aar seinare fann dei beingrinda taa ein mann burte i eit avhol. Dei gjette paa’n Sima Berset, og daa kjend folk kom til, saag dei det var honom paa nyklane og skorne. Han hadde hengt seg, kroken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *