Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Siste ormen hadde faks

Ein mann frå Bordal i Soknedal hadde ei nifst oppleving ein vår. Det var så tidleg at ingen buskapar var komne i marka enda, men mark og skog hadde fått grønfargen både til dals og til fjeils.

Mannen hadde sætra si norda Kleiva der mange av grannane også hadde sine.

I desse sætertraktene har det vore mykje hoggorm gjennom alle tider. Tussane har også hatt fast tilhald der.

Det var vanleg at denne karen var uti sætermarka og hogg sommarveden før dei flytta med dyra.

Tidleg morgon la han i veg. Det bar oppetter Tiene, og i det han kom på høgste høgda steig sola opp over åsar og fj ell.

Mannen hadde matskreppe på ryggen. I handa hadde han ein sterk stav av einer med handtak av beinknoke. Staven hadde han fått i arv etter «gammalgofa» og mannen var glad i staven sin. Det var så godt følgje i han.

Attmed torvhuset til Solemsgardane sette han seg og kvilde. Sola skein og vermde retteleg godt. Og borti Køltjønnliene gol gauken så det ljoma.

Mannen gjekk framom framste Køltjønna og var komen midt i Skora. Vegen går her i trongt lende. Det er bekken på venstre handa og på begge sider er det bratt berglende. Av dette har staden fått namnet Skora. Uti Skorn, biir det sagt i daglegtale.

Visste han ikkje ordet av før det låg ein hoggorm og kvæste mot han midt i vegen. Han var så i sjølstøa si at han skvatt høgt med det same.

Ormen fekk seg ein av beinknoken på staven og vart roleg. Han lea ikkje på seg heller.

Mannen såg berre på ormen han hadde drepe. Og der kvæste ein til like attmed føtene på han. Denne ormen gjekk same vegen som den andre. Var ittnå å spara på.
No tok det til å henda. Ikkje før hadde han slått ihel ein så rann ein annan fram.

Ormhaugen vaks. Det tok aldri ende. Dei rann fram mest fortare enn han vann å slå ihel.
Snart var det så stinnt av ihelslagen orm at han mest ikkje fekk flytta ein fot utan å trå i styggedomen.

Sist på kom det ein ovstor ein – styggaste ormen han nokon gong hadde sett. Og den siste hadde langt, svart faks.

Mannen vart fælen og la på sprang.

Han fekk hogge sommarveden. Og da han gjekk heimatt såg han ikkje merke på staden der ormslaget hadde stått.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *