Internt referansenummer:B-24.01.2014
Kilde: GLYTT FRA ULVIK – SKJEMT OG ALVOR
Forfatter: JØRGEN BERGO
Prenta i Voss Prenteverk AA, Voss
Voss 1982
Forleggjar: Hans Bergo
ISBN 82-90451-00-8
Klikk her for å lese ”Føreordet”
Klikk her for å lese en «mini-biografi» om Jørgen Bergo


Siste Ståtarkongen i Ulvik

 

Frå slutten av 18-hundretalet og fram til 1920-åra rak ein del fante-fylgje kring i bygdene i indre Hardanger. Desse folka vart kalla tatrar, eller fant.

Dei var ofte flinke med hendene. Dei lodda, fortinna, vølte klokker og gjorde i stand ymse ting som folk var i beit. Dei laga vispar som dei selde, og dei handla med knivar, klokker, smykke og ymse anna. Tigga og stal gjorde dei når høvet baud seg.

Folk tykte synd i dei, men mange var og redde slike reisande og gav dei både mat og klede, for dei trudde fanten kunne setje vanlukka både på folk og fe.

Kvar bygd hadde sin ståtarkonge, eller fantejagar, som dei helst vart kalla.

Desse ståtarkongane skulle «efterspore, pågripe og dernest transportere utenbygds betlere og fremmede omstreifere, førstmeldte til presten og sistmeldte til lensmanden».

Torgeir Lekve

Torgeir Lekve fødd 1855 – vart ståtarkonge i Ulvik kring hundreårs-skiftet. Fekk nokon vanskar med slike folk, var det å sende bod etter Torgeir. Det var hans oppgåve å få fantefylgje og andre rekarfantar ut or bygda. Han rodde dei då til Bu i Kinsarvik. Der stod det gjerne ein ny ståtarkonge og tok i mot dei for å jaga dei vidare – Det var ikkje moro å vera fant den tida…

Ein ståtarkonge – fantejagar – fekk ikkje vera skvetten av seg. Han trong både mot og styrke. Torgeir hadde båe deler i rik mun. Han var herdebrei og bringebrei som få. Og han var sterk. Ein gong bar han eit hjul som var halvannan meter i diameter og vog hundre kilo frå sjøen og opp til skiferbrotet under Vassfjøro, 1200 meter over havet…

Det hende at smale stod skorfast i fjellet. Då gjekk det bod til Torgeir. Han skal ha berga 80 sauer or skorfeste…

Torgeir var ein roleg og godlyndt mann, slik sterke folk ofte er. I fanteskyssen kunne det likevel røyna på. Fanten lika ikkje å bli frakta ut or bygda som anna kveg. Dei sette gjerne på at dei ville i land att når dei var komne utom Ryve. Dei både bad og truga, og dei villaste fantane løyste gjerne kniven or slira og meinte at no fekk Torgeir Ståtarkonge gjera som dei ville.

Då slo augo hans Torgeir gneistar. Han la årane inn og tok til å rugga på båten og sa:

«Sit de ikkje i ro so kvølve eg baoten».

Ein av tatrane, ein retteleg modig ein, gliste og sa:

«Då må ståtarkongen og i sjøen».

Torgeir svara kontant:

«Ja, jamen eg kan symja, eg»…

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *