Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Sjå den ein vert gift med (II)

Ei råd var å sitja julekvelden. Det gjekk slik for seg: Dei sette tre glas på bordet. Eitt med vin i, eitt med øl, og i det tredje vatn. So sette dei seg attmed bordet å bia. På slaget 12 kom glunten, um det då var ei gjente som sat. Han kom fram til bordet og drakk or eitt av glasa. Um han tok glaset det var vin i, vart ein gift til velstand. Tok han ølglaset, kom det til å bli so midt i laget. Men um han tok vassglaset, var det marke på armodsdom.

Det kunde henda det kom ei likkiste bg; då vart ein levande ugift (Fleire bygder).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *