Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Andres Olson Grefsrud


Sjølve bryggingi

(Hjå Andres Olson Grefsrud)


Å laga ed av maltet kalla dei bryggjing. Dei tok til å bryggje um kvelden ved klokka sju—åtte. Til jol måtte dei ikkje bryggje solkvervdagen. Då kom vyrtet ikkje til renve, eller ogso kunde maltet flyte upp or bytta.

Bryggjaren mælde no til so mykje vatn at det vart to spann øl etter settungen. Dette vart vanleg tyrstedrikke. Men vilde ein ha skilleg feitt øl, tok dei berre eitt spann etter settungen. Dette vart so sterkt at når det kom gong i det, kunde ein drikke seg ør.

No hadde ein maltet upp i bryggjeholken. So kokte ein upp briskelog og slo denne på maltet litt i senn og rørde i det med meiskero'n, som hadde skap som ei liti år. Dette var å melte på. Fyrst var maltet som ein deig, sidan som velling, og til slutt var dei ei tunn røre. Det som no i holken var, kalla dei meisk. Um natti ved 10-12-tidi auste dei meisken upp i ein kjel og kokte upp det tunne og lunka resten.

Røstebylta vart no laga ferdig. På botnen la del fyrst eit lag røstevøla (tjukk 1!). Dei var tå older og låg 3-4 tumar frå kvarandre. Dei var grove som ein høveleg staur. Framfor tappen la dei ei lø-i briskebuske. Over dette la dei rughalm. Fyrst vreid dei til tre tøppor som vart sette ned på botnen, og som stod ende upp-ned, likt høgt ved byttebradden. So vreid dei i hop tre runde ringar, som dei la ned på botnen inni kvarandre og innafor desse tøppone. Uppå dette la dei noko halm, hulter til butter, grønt
erterris eller havrehalm. Rett over tappen la dei ein stein, som heldt undegjerde nede. No auste ein på røstin eller maltet og maltløgen eller meisken. Fyrst hadde dei på det tjukke og so det tunne. No tok dei av vatnet dei hadde malt til, og kokte upp briskelog, gjerne med noko karve i med riset på. Briskeløgen kalla dei ogso lagvatn. Denne auste dei upp i røstebytta. Når bytta var full, la dei eit tett lok på. Det som no var i røstebytta, kalla dei drevja. So stod drevja og laga seg i ein to timar. No glytta ein litt på tappen i lura, som stod tett ned ved loggi i røstebytta. Ein sette ei liti trespete under tappen, so han stod stødt. Var no alt rett, tok det fyrste vyrte til renne. Det var so tjukt at det hang fast til fingrane. Sume kokte sirup av det fyrste vyrtet. Etter som det rann vyrt or røstebytta, fylte ein på av lagvatnet. Soleis heldt dei på med det var att kraft i maltet. Det siste vyrtet var veikast, og det kalla dei spisel. Vyrtet hadde dei i bryggjeholken etter kvart vyrtespannet vart fullt. Når dei hadde fått ein kjel med vyrt, kokte dei det upp og humla det. Humlen, som mest alltid var heimeavla, hadde dei i ein grisen pose. Når dei gamle fór til byen eller Branes, hadde dei ofte med seg humle, som del selde etter vegen.

No stod ølet til det var mjølkelunka. Då vart det sett ved. Dei hadde i skjerpa gjest.

Ausa dei nytta med dei bryggja, laut ikkje nyttast anna enn åt ølet.

Alle bryggjekar laut vera heile og reine. Hadde ølet kasta seg i eit kjerald, var det vondt å få det reint att.

I holken, som dei auste vyrtet i, laut dei liggje eit la oldertre. Då vilde ikkje ølet so lett kaste seg.

Kom nokon inn i bryggjehuset, skulde dei alltid smaka vyrtet.

På botnen av ei øltunne laga det seg gjest eller gjær. Denne auste dei over ein stokk med ei mengd hol i. So turka dei denne gesten. No auste dei på ny gjest og turka han. Slik heldt dei på til alle holor i stokken var fylte med gjest. Dette var skjerpa gjest, og stokken kalla dei gjestestokk. I staden for gjestestokk brukte dei ei rughalmtoppe.

Når ølet var gått nok, hadde dei det på øltunna. Uppå den var det eit spunshol, som ølet vart slege gjennom. Like ved var det eit borehol med ein tett pinne i. Det var døviken. Når ølet var fylt på tunna, skulde det gå uppatt. So vart det spunsa. Over spunset tetta dei med ein deig tå mjøl, oske og vatn. Hadde dei oske i deigen, skydde musi han. Var spunset godt tetta, kom det ikkje ut or tunna ein drope øl um du tok or tappen. Skulde du få tappa øl, laut du ta or døviken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *