Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Sjøormen paa Hjelmeland

Ein gong var dei sers vondt farne paa Hjelmeland. Lengje hadde det gjenge det ordet at sjøormen heldt seg der i fjordarne, og folk torde mest ikkje koma paa sjøen. Ein dag skulde ein mann ro fraa Rossaai til Øydeneset. Best som det daa var, fekk han sjaa noko som heldt seg etter baaten; han kunde skyna det var sjøormen, og vart paa sitt eige liv. Det var greidt at sjøormen vilde taka han, og han visste ikkje si arme raad. Daa kom han paa ein ting: han skar seg i ein finger og lét blodet drjopa ned paa ei tofta. Sidan lagde han tofta i sjøen, og sjøormen gav seg til aa sleikja blodet av. Paa den maaten fekk han so mykje umrym at han kom seg paa land; men sjøormen heldt paa aa symja der i fjordarne og gjorde det utrygt fyr folk aa koma paa sjøen.

Sistpaa la han seg til i Ølesundet og stengde vegen millom Hjelmeland og Fister. Mange folk kunde ikkje koma til kyrkje, og ikkje andre stader heller, korkje til bygd eller by, um dei hadde aldri so naudsynlegt æend.

Lenger inne i fjordarne vart det trongt fyr mat, og folk leid stor naud paa mange maatar. Daa gjekk dei til presten og spurde um ikkje han visste ei raad. So vart dei samde um at dei skulde halda bonedag i kyrkja.

Dei samla seg i Hjelmelands kyrkja, og presten gjekk paa stolen og heldt bøn. Daa det var gjort, fekk dei høyra eit¬kvart som kneggja. Folk styrmde daa ut or kyrkja og ned aat sjøen; der fekk dei sjaa ein havhest som kom setjande inn fraa havet. Han kom inn Boknafjorden og Finnøyfjorden, og han kneggja tri gonger fyrr han naadde fram. Fyrst var det daa han fór framum Brakjen (utfyre nordenden av Finnøy), daa kneggja han fyrste gongen, og det so høgt at dei høyrde han i sju kyrkjesokner. So sette han i eitt renn til Halsnegavlen; der kneggja han andre gongen, og so til Øydenes; der kneggja han tridje gongen. Daa han kom til Ølesundet, hadde sjøormen teke ryming, so havhesten laut setja etter. Det vart eit jag som det kunde vore vel verdt aa sjaa paa. Umbo heiter ei av dei største øyarne paa dei kantar; mykje av Hjelmelands-sokni og av Jelsa-sokni og Sjødnarøyarne ligg paa den same øyi. Havhesten laut fara tri vendor kringum Umbo fyrr han naadde sjøormen.

Dei møttest i Hjelmelandsfjorden. Der vart det eit slagsmaal, som ingen hev set make til i denne verdi. Det gjekk so hardt at havhesten miste den eine hoven; men daa det leid paa, fekk han tak paa ormen og beit han tvert av.

Heile fjorden var farga av blod. Kamben og den eine enden av sjøormen rak inn i ei vik paa Hjelmelands-sida, og den viki heiter enno Faarekambviki. Kamben fekk dei sidan føra inn til Hjelmeland; der gøymde dei paa han lengje. Men enden av sjøormen vart liggjande i Faarekambviki og rotna. Daa vart det sovoren stank at feet dauda og trei rotna paa dei næmaste gardarne; elles visna lauvet paa trei so langt som folk kunde øygna. Hestahoven rak sidan inn til Hjelmeland; der tok dei han heim til prestagarden og hadde han til kornbing; han tok tolv tunnor korn.

Daa slagsmaalet var yver, sette havhesten ut att, og ingen hev sidan set noko til han.

Paa Skutenes fortel folk at dei den same dagen saag tri havhestar som gjekk der utfyre. Daa det leid paa, tok dei tvo leidi nordyver; men den tridje fór inn fjordarne og gjorde ende paa sjøormen, som no er fortalt.

Sume segjer at striden millon sjøormen og havhesten stod i Røyksundet rett inn fyr Avaldsnes. Namnet skulde vera Raugsund (Raudsund), og sundet skal ha fenge det namnet etter alt det blodet som farga vatnet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *