Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Sjøormen

Sjøormen høyrer til same ætt som lindormen. Han veks jamnast upp i djupe fjellvatn, til han er so stor at han ikkje kan løyne seg der lenger; då gjeng han etter elvave til havs liksom ålen, og i havet fær han fyrst sin rette storleik og sitt skræmelege utsjåande.

Frå det grysjeleg store hovudet gjeng ein tjukk mankje like til sporen. Han er gråbrun av let, men skin noko i det kvite under buken. Det er helst på heite sumardagar ein kan sjå honom liggjande i vasstrømen å sole seg. Men vert han so uroa, reiser mankjen seg, han slær bukter på seg og fer fram over sjøen som eit uver. Sistpå stikk han til botns, medan bylgjene bryt til båe sider.

M. B. 1912.

Sjøormen under Sulalandet

For vel ein mannsalder sidan, var nokre karar frå Overå burte under Sulalandet med kastenot ein kveld um våren.

Då høgste dimet kom, tok dei på heimveg. Men dei hadde ikkje for vel fenge nota i båten, før dei såg eit svart troll kome etter seg. Dei lagde seg over årane og rodde so fossen stod for stamnen, men aldri det dei kom seg frå sjøormen; for han var det som vilde gløype dei. Han fylgde etter so dei kunde sjå kvar ei bukt han slo på kroppen. Sydvestane fauk av so håret flaug for vinden, og dei kjende blodteven i halsen, slik rodde. dei. Men ormen var no tett ved dei, so dei tykte dei kjende den ufysne anden hans med same han opnå kjeften for å gløype dei. Då tørna dei med det same mot ei av Overåfludene; for dei hadde gløymt å sjå fram, so båten flaug langt uppå. Med det same spratt sola over Fosseltinden, og ormen miste makta til å gjere dei skade. Han stakk til botns og vart burte.

M. B. 1912.

 

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *