Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Sjugurd Ul’n

Sjugurd Ul’n i Mogrendi i Hol var 95 år gamal då han døydde. Han var so frisk og sterk heilt til det siste at tilmed trast før han døydde var han på tømmerhogst burt på åsen sunna Ustedøla.

Sjugurd hadde vore ein uvanleg uthaldug og sterk mann. Ein gong bar han ei av desse svere ploggekisto, som er so store som eit lite hus, over fjellet frå Ustedalen til Hardanger.

Ein annan gong kom han og ein annan handelskar ut for eit svert uver uppe på Hardangervidda. Sjugurd berga felagen sin med det at han stappa klædi hans full med ull — dei hadde bytta til seg ull mot kram dei gjekk med — og so grov han felagen sin ned i snøen. Sjøl greidde han seg på den visi at han skarka og bar på stein heile natti, slik at han heldt seg varm og vaken til uveret gav seg og dagen rann.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *