Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Else Lunde frå Nedre Dalen

Sjukdom og gamle råder

Elsa Lunde, og det ho fortalde


So bar det te tala um sjukdomar og gamle råder. Det var ikkje so mykje ho Elsa visste um det; for sjuk hadde ho mest ikkje vore.

Ein gong fekk eg elvegust, tek ho Elsa te. Eg fekk han fordi eg fraus. Ho mor fann då elvenever og brende i peisen. Og eg stod uppover naken og røykte meg.

Dersom ein fekk elvegusten rundt i kring livet, fekk ein elvebelte. Det var fårleg. Ein kunde døy av det.

Trøll kunde ein få i fingrane. Det vart då fæle verkar i dei, so bein verkte ut.

Drauvesigl var sår ein fekk i munnvikene og på lepane. Han gamle Nils nedi stegun brende på nokre brødsmolar og vigsla seg med for drauvesigl.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *