Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Skårungen

«Skårunge» var eit vanleg namn på den ungguten som rodde sitt første fiske. Han var utan røynsle, gjorde mange tabbar og måtte tåle mykje erting av båtkameratane. Uttrykket «eit skårungstykke» blir enno brukt om eit arbeid som er utført på ej tungvint og forkjært måte.

Ein dreiv ofte ap med skårungen og narra han til å gjere ting som dei andre kunne le av. Når ein gjekk forbi Kjerringberget i Torsken, kunne ein spørre: «Ke du har på huva?» Når då guten tok huva av for å sjå etter, hadde han helsa på Kjerringa, ein steinfigur på toppen av Kjerringberget. Når dei gjekk forbi Purka, ein fjellrygg framme på Kjølva, narra dei han til å «stikke purka».

På ferdene til Finnmarka prøvde dei å lære skårungen namna på fjell, øyar og fjordar som dei for forbi, helst namn han måtte passe seg for. På heimvegen var det skam om han då let seg narre.

Hadde ein ikkje skjenk til kameratane når ein kom frå byen eller marknaden, var ein også skårunge.   

(Bernhard Johansen)

I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.
fiskere002.jpg
llustrasjon:
Pennetegning av Karl Erik Harr, hentet fra: "FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA II" av "Arthur Brox"

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *