Internt referansenummer: 27.03.2009 – A
Kilde:
SOGNE-STUBBAR
Ragnar Kvamme
Teikningar av Odd Børretzen
EGET FORLAG
OSLO 1962
”Til minne om mor og far som båe sette stor pris på ei god soge.”
Klikk her for å lese ”Forord”

Skatt

Mellom andre budde det og ein handelskar på Systrond. Han var ikkje onnorleis enn andre slik at han streva og arbeidde og prøpvde å klara seg så godt han kunne. Noko snakk om omsetning, disposisjonar og økonomiske tilhøve i det heile, var han svært varsam med å koma med. Ja, sjølv ikkje hans næraste familie fekk full kjennskap til dette.

Endå mindre var han lysten tid å gjeva opplysningar til likninga.

Ein dag kom ein skattekontrollør på vitjing. Han ba om å få sjå bøkene. Nei, nokre bøker som skulle kontrollerast hadde han ikkje, svarer handelskaren.

Kontrolløren meinte at bøker måtte han ha når han nå eingong dreiv handel.

”Eg ha’ berre ei bok eg, og da e Landstad salmebok. Dan kan du sakte fao sjao. Ho er rein og fin, for eg ha lite brukt ho,” svara handelskaren.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *