Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Skattar i Steigen

Før han Hans Hanso sette seg ned på Fjeterstadholmen (Steigen), hadde Lundkarane den til slåttland.

Ein sumar ho Marta Monst var der og raka, kom ho frami restene av ein rund mur. Og inni murringen vistes det å vera grave.

Det har gått som ei gammal segn at det skal vera nedsett ein skatt der. To mann frå Øksnes var eingong og grov etter denne. So vart dei vis ei kjelhaidd; men alt med dei bala med å få kjelen berr, kom ein av dei til å snu seg innover mot Øksnesgarden. Då vistes det som alle husa stod i ljos loge. Dei kasta frå seg og strauk. Men då dei var heime, so var det inkje som stod på der.

Seinare var dei og skulde ta att kjelen, men det lukkast ikkje for dei.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *