Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Skattegraving i Torvastad

I Torvastad hev det gjenge segner um ein stor skatt som skal vera nedgreven i ei steinutt utmark. Mange hev havt hug til aa grava; men som alle veit, kunde det ikkje gjerast um dagen: midt paa natti maatte det vera. So var det ein gamall mann som ein gong vilde freista. Han visste at skulde gravingi vera til nokor nytta, so laut det vera midnattsbil, og paa den tid gjekk han. Han grov fleire næter i rad, og sistpaa kom han ned paa ei stor hella. Daa fekk han med ein gong sjaa tvo store kraakor. Han stokk av dette, men han kunde ikkje anna en stira paa deim. Daa vart det til tvo menner, og dei kom beint imot han. Daa kunde han ikkje halda det ut lenger; han slengde baade grev og spade langt ifraa seg og sprang heim so fort som foterne kunde bera han.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *