Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Skatten i Nordset-Hagan

Straks synnafor husa i Nordset-Hagan er det ei ile nedaunder bakken. I botnen på den er det berre gjørjua; men stakar du med ein staur eller noe nedi der ein meter eller så, butter det mot noe hardt. Bruker du ei jernstong, kan du høyre liksom klangen av metall au.

Gammalt folk veit å fortelja at det ligger ein skatt nedsøkt i den ila. Ja, den ligger til og med i ein kopperkjel med sterke havar på. Men denna kjelen er ikke god å få opp, for den er gresselig tung. Det nytter ikke for ein kar åleine å tenke på å klare det, og ein lyt arbeide med den i tri torsdagskvelder på rad og tie hoggende stille.

Ei torsdagsnatt var det tre-fire ungguter som arbeidde med å få opp kjelen. Klokka var tolv, og de dreiv og rota i gjørjua etter kjelen. Om ei stund hadde de tak i båe hava-a og tok til å sterte og dra. Litt om senn gav det etter au, og snart så de skimta av kjelen; men så tung var den at det var med nøa de greidde å holde på den. Men de sleit’n da inn på torva. Da var det ein som merkte liksom ein ljøm og kom til å skotte attom seg, og der sto Hagan i lys loge. Da skreik han i: «Hagan brenner!» — Men i samma blunken glei kjelen utur nevan på de og sokk ende ned, og borte vart’n. På timen slokna varmen au, og kara sto att der tomhendte og glåmde.

(Hans Hagen)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *