Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Skatten i Seglfjell

Skatten i Seglfjell (vis kart fra www.ut.no) har vore umtala lenge attgjenom tida. Men ingen visste romet, og soleis vart det ikkje lagt seg etter å leita.

Men ein glunt frå Eiterjord kom til å gang seg frampå den. Han kom til eit stelle der det låg nokre steinhellor so pent flia. Glunten hadde ingen tanke um kva dette kunde vera; men han syntes det var so underleg med desse hellone, so han gjekk dit og letta på den øvste. Då låg det ein gammal ruståt kniv under. Han tok kniven, men gav seg ikkje um å letta av fleire hellor. Og då han kom heim, tala han um dette; og so skyna folk kva han hadde vore frami.

So rusta dei seg og reiste og skulde ta skatten. Men so enkelt var det ikkje. Då dei var med Skyrdall-elva, hadde den vakse so upp, so dei såg det ikkje likt å koma over. Dei laut berre snu heim.

Men skatten gav dei ikkje upp. Dei rusta andre gongen. Og då såg det ut som det skulde lukkast å nå fram; men då dei var motes frame, tok det til å samlast so mykje ramn kring dei; det flaksa og skreik etter heile fjellet. Dei fekk då som ein ank i seg, so dei snudde.

Enno ein gong var dei og prøvde seg. Men fram til skatten kom dei ikkje denne tredje gongen heller. Kva det var som sette stokken i .dei då, det har eg no gløymt. Men kniven han fann denne glunten, fanst lenge på Eiterjord.

Ja, dei laut vera stor i vondskap mange av desse som for og sette pengar i jorda.

I Fiskosen nedum Gråtånes er eit av dei roma der det var nedsett pengar. Men der må det ha vore rona til gagns. Det låg ein bjørn over. Ein var det likevel som hadde vore der og prøvt seg. Men fyrst mannen skulde kry seg åt, reis bjørnen på bakføt’n og frøste eldmørri or kjeften. Og soleis nytta det ikkje for mannen å koma til, all den stund han ikkje hadde nokor råd med å få denne styggemakta unda (Beiarn).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *