Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om den gongen eg snakka med Guri Grøv

Skatten i Urshauge og Håvar Bø

Hjå gamle Guri Grøv (f. 24. oktober 1843)


I gamle dagar trudde dei at i sume haugar låg det gøymt store skattar. Og mange var dei som jonsok-natti prøvde grava fram rikdomen. Men det hende dei vart narra. No skal du berre høyre:

Det gjekk ei seiande segn um at i Urshauge nede i Vang skulde det vera nedgraven ein skatt i eit skrin.
Ein jonsok-eftan sa Håvar Bø te Ingrid, syster si:

”I kveld vil e nokk sta grava ette skrine, e.”

Dette var det nokre gapar som havde høyrt. Dei stad finne eit skarveskrin og fyllte det med rusk og rask og grov det ned i Urshaugen.

Ja, han Håvar stad grava, som sagt var. Og det var ikkje lenge før han fann skrinet. Då han kom uppatt, ropte han glad:

«No Ingrid, no Ingrid, ska du få sjå ko e fann i Urshauge!» Ho lo og sa:
«O jau, no kann du sakte gleda de! Du får leta engon an sjå de me!»

So samla alle i huset seg kring han Håvar med han opna skrinet, og da det upp var kome, såg dei det var fullt med — kalverøvor og anna rask. Hine lo so dei kunde ha rivna; men han Håvar lo kje. (Ein Håvar Nøre-Bø døydde i 1804. Ei syster hans heitte Ingrid.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *