Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Skatten på Fekjan

På Fekjan under Klas-stugua (Ånerud) er det ein rundvølin haug. I den sier sagnet skal det væra nedgrøvin ein skatt. Ein frå Anerudbakken grov der 3 torsdagskvelder på rad for å få tak i den. Han skulle lite prate mea han dreiv med det. Men trea kvelden da han fekk se ei kiste og fekk tak i den med eine handa, forgløymte han seg reint og sa eit eller anna. Da forsvant kista lenger inn i haugen, og ingen har sett a sia. Det skulle væra de underjordiske som tok a.

Sølvgruveberget heiter berget vestafor Slåstad. Oppå det skal det væra fleire merker etter skjerping og minering. Namnet tyder nok på eit hårt. Hans Bretterud fann ein gong ei sølvåre på austsida og nokså langt sørpå. Men sia var han ikke kar om å finne att a.

Ein frå Ånerudbakken grov to-tre torsdagskvelder på rad etter ein skatt i ein sandhaug ved Finnrudhaugen uta å få tak i han.

Gammel-Bretterud’n sa det gikk ei sølvåre frå Bretterud til Lindstad. Sjølv støypte han seg sokkspenner av sølvet. Fleire leitte og grov etter åra, men fann a ikke.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *