Internt referansenummer: 04.10.2009 – A
Kilde:
Folkeminne frå Sunnmøre II
Jørgen Gjerding
Ålesund 1932
I kommisjon hjå Alb. Gjørtz Bokhandel
Klikk her for å lese en ”innledning” til boken.

Skatten på Gausneset

Det hadde gjenge segn om at det skulde liggje gøymd ein skatt i ei urd det kalla Gullurda på sudsida av Gausneset i Ørskog.

Ein mann frå Ramstad hadde leitt der både vel og lenge, og då han endeleg fann kvar skatten var og skulde til å ta med seg noko, såg han ottefull og med spaning ikring seg om nokon skulde verte han vâr; då såg han det brann på Ramstad, — garden hans. Heile Ramstadgarden stod i loge, å sjå til. So slepte han eignalutene og la på sprang ned tål båten og rodde med han vann heimatt for å hjelpe til å berge. Vel heimattkomen såg han at alt var med det gamle heime. Og då han seinare for avstad for å finne att skatten i Gullurda, då fann han ingenting.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *