Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Skatten på Helgeland

Ein staden på Helgeland var det nedgrave ein skatt. Folk visste av romet, og fleire hadde lagt seg ut for å få tak i den; men det var det same her; det var rona over. Og fyrst nokon kom ditett, so vart han ute for noko slags styggedom, so det var berre å ha seg derifrå. So var det ein som hadde fått den råda han skulde gje seg dit ei jonsoknatt. Han kom nok til å få sjå mykje nifst, det laut han vera budd på; men var han berre hard å stand imot, so skulde det lukkast å få skatten fri. Mannen gjorde som han var tilsagd; men då han var motes frame, vart han vis ein skavarme; det såg ut som det var fatna i ei stue. Han var då på nippet å springa; men so mintest han, og heldt ferda fram.

Skatten var nedgraven attmed ein stor stein. Men då mannen var der, vart han møtt av ein stor, hornåt okse; og fyrst mannen søkte åt, stemnde oksen horna i marka og tok imot. Likevel let mannen det stand til; og før han rett visste av det, var oksen burte. So bar det til å grava. Det fyrste kom han nedpå ei stor helle; men under den fanst skatten.

Ein valnesfjerding vart ute for noko av det same. Han visste av det låg nedgrave pengar på Furneset. So ei natt var han komen ,ditett og skulde grava. Men vel han var komen i gang, fekk han sjå at heile Furnesgarden stod i ein loge. Han kasta då frå seg og for.

Seinare var han og leita etter romet der han grov, men det lukkast ikkje for han å ta det att.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *