Internt referansenummer: 04.10.2009 – A
Kilde:
Folkeminne frå Sunnmøre II
Jørgen Gjerding
Ålesund 1932
I kommisjon hjå Alb. Gjørtz Bokhandel
Klikk her for å lese en ”innledning” til boken.

Skatten på Linge

Han Knut på Bakkane var ein dag ute i Tånganeset og arbeidde på ved, der var so mykje hatleskog derute. Då trefte han fram på ei helle som såg noko underleg ut, tykte han. Ho var so stor at han rådde ikkje med henne åleine, difor gjekk han heimatt og fekk med seg nokre unge gutar til å hjelpe seg med hella. Då letta dei litt på henne; men so sette han Knut i å skrike, låst som han var redd og sprang derifrå. Det same gjorde gutane med, dei tok tilsends heimatt. So vart dette omtala heime, og næste morgon skulde mange avstad og sjå kva som var innunder hella. Men då fanst der ingen ting. Han Knut på Bakkane hadde visseleg vore der om natta og teke med seg det der hadde vore.

Seinare var Knut med på Trandernsferd med Lingejakta. Dei vart lenge borte, og før han kom heimatt, hadde det vore lauseld i stovehusa hans, so det brann op.

Då det leid til at karane var attventande, reiste einkvan som vara honom til, tilmøtes mot jakta for å vitre honom det, før han kom plent heimatt og kunde sjå tilstoda. ”Korleis gjekk det, vart ho berga kista hennar Agnete?” var det fyrste han spurde om. Ho vart då det, fortalde dei honom.

«Ja, når ho berre vart berga, so sputtar eg etter hitt, « sa han.

Folket på Linge trur at han Knut hadde funne ein skatt — ein pengeslump kan hende — der ute i urda, og at han hadde havt mykje av det liggjande i kista hennar Agnete, kona hans, sidan han tok so til ords då dei fortalde honom om branden.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *