Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Skikk og tru ved veving


Når ein kom inn på ein stad der dei dreiv og rende ein vev, so sa dei det:

«No får du stega breitt, so får du brei vev!»

Og det gjorde dei, skreva langt ut.

Ei som vov, skulde ikkje sitja i veven og eta. Då åt ho upp veften, sa dei. Ein skulde bli veftalaus då.

Når dei hadde veve nedatt veven, skulde dei dra or skilspildrone og setja dei millon føtene og ride på dei tre kast vrangsnles (mot soli) rundt stoga med bind for augo. Dersom det var ei fremmeleg kjerring i huset eller i grannelaget, kunde dei no få greie på kva ho gjekk med, anten det var gut eller gjente.
Når ein hadde ride rundt på skilspildrone og hadde stana ved døri siste gongen, skulde ein leggje mark på korleis framenden av spildrone peika. Vende dei mot fremste dørkar¬men, var det gjente kona gjekk med. Peika dei derimot mot bakarste dørkarmen, var det ein gut.

Kom nokon inn med dei klipte nedatt veven, kunde den som kom inn, få fang (fallesjuke). Ein av dei som inne var, laut difor stå ved dori og passe på at ingen kom inn med dei dreiv med dette arbeidet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *