Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Skikkar og truer med hestar

A kjøpa ein ny hest til garden var noko stort. Hesten var da også noko for seg sjøl mellom husdyra. Han vart sett på som noko meir enn herre eit dyr. Derfor vart han da også stelt sers godt og var blank og feit om kyr og sauer var raddmagre.

I Gauldalsbygdene var det av tyngste dagane på garden når ein gammal utsliten hest vart leidd bort til den oppkasta grava og skoten eller slått ned.

Og så kom den nye hesten.

Mange stader var det mange seremoniar med skifte av hest.

I Soknedal var det gammal skikk å leia hesten inn i stova siste levedagen. Da måtte han inn på golvet så han fekk sjå alt inne. Etter å ha stått ei lita stund på golvet vart han snudd rettsøles og leidd ut att. Og så gjekk han da gammal, stiv og utsliten bortetter jordene der han hadde slite seg ut — bort til den oppkasta grava. Der vart han avliva og graven ned.

På ein gard i Bordalsgrenda, Soknedal, fortel ein mann at gammalmannen leidde hesten inn i stova siste levedagen for 80 år sia. Tårane rann tu augom på øm da n’ kom nedover trappa med hesta ette at n’ hadd vøre inn med ørn.

Det var også vanleg skikk å ha hesten inn på garden han vart selt ifrå. Der vart han snudd rettsøles innpå golvet og leidd ut att. Når han så kom til den nye garden der han skulle vera fekk han koma inn i stova der. Han måtte sjå elden frammi stena, og han måtte få flatbrød. Åt han flatbrødet var det eit godt teikn. Da ville han trivast. Han ville bli sterk og bli langt liv laga. Når dei så snudde han rangsøles og leidde han ut, ville han bli sikra mot å trå heimatt til fødegarden. Han vart bufast på den nye garden.

I Hessdalen var det også visen å ta hesten inn i stova da han kom til gards. Så seint som i 1905 vart dette gjort med ein hest som var kjøpt inn. Alle var så spente på om hesten ville ta flat-brødet. Han gjorde det og vart ein bra hest. Det var på Engesvold dette hende.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *