Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Skikkar og truer under altergang


Det var fast sed ikkje å eta noko når ein skulde gå te alters med eg var i konfirmasjonsalderen.

Me hadde ogso nokre ser klædi når me gjekk te alters. Det var fyrst svartkjol. So laut me ha eit drivande kvitt hovudplagg med ei kvit, sydd ros i baklimpen. Dette plagget kalla me altersplagg. Det vart aldri brukt oftare enn når me gjekk te alters.

Men so kom presten Skaar te Aurdal og vart kapellanen te presten Melbye. Han konfirmerte meg, veit du. Ein gong sa han:

«Det er mange som går til alters med en hungrig mave. Men det gjør ikkje noget å gå med en hungrig mave, dersom en ikke har et hungrigt hjerte.»

Frå den tidi kom det mest som or bruk å gå med ser alterklædi når ein gjekk te alters.

Sume stader brukte dei å eta noko serleg god mat laurdagskvelden før dei gjekk te alters.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *