Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

SKJELVARSPRANGET

Gardane kring Lygnevatnet er rike på sogeminne. Her ligg Tingvatne, den gamle tingplassen . Tinga blei halde på ei slette eit stykke opp frå vatnet. Der hadde dei kasta ein stor jordhaug og gjort han flat ovanpå. Her stod domarsteinen som likna ein kubbestol.

På ei slette austanfor garden der dei seinare var med hestemarknaden, står tri steinringar og ei avmerkt gate. Steinane i dei to ytste ringane er størst og ligg mest 10 fot frå kvarandre. Dei står på kant. I den største ringen er 7 steinar og 6 i kvar av dei andre. Desse ringane kallar dei Skjelvarspranget. Plassen hev fenge namnet sitt etter ei jente som tente på ein av gardane nær vatnet. Ho blei skulda for å ha født eit barn i dulgsmål og drepe det. Men det var ingen som torde vitna det om henne. Så drøymde kona i huset der Skjelva tente, at ho såg eit barnelik i ei ur ovanfor garden. Folk leita der og fann liket. Og nå blei Skjelva mistenkt på nytt og førd til Tingvatne. Der hadde dei sett opp desse steinringane og ville det skulle gjelda som ein Guds dom ifall ho greidde å hoppa frå stein til stein. Det sejest at ho hoppte millom fleire steinar, men ikkje alle. Ho blei derfor dømd for drapet og laut bøta med livet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *