Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Skjemt børse

 

Ein skal ikke skute bedagen. Ein som heitte Anders skaut sju skott på ein orre, men orren spelte like godt, som om det aldri hadde vori låså skottet. Så skulle han skute ein orm ut tur børsa for å få dråp i a att, men ormen kom for langt opp i pipa så børsa sprakk.

Dersom ein skuter katter, blir børsa utskjemt, er det ein som fortel. Her oppi Vestroa hadde det vorti så mange villkatter for ei tid sia. Mannen i Hiråsen skaut ikke mindre enn sju stykkjer. Men etter det fekk han ikke låså skottet meir med den børsa. Ho berre klikka for’n, og da formeinte han seg på at skute katter gjorde han ikke oftere. Og det holdt han au.

Det hender somme tider at børsa ikke vil drepa, hå det nå er som veller det. Da skal ein piske ein orm inn i børsa og så skute han ut att. Da skal ho drepa.

(Karelius, H. E. og Martin Ågotsrud)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *