Kilde
GLYTT AV GODTFOLK
Einar Ullestad
Klikk her for å lese "Føreordet"
Rune Forlag, Trondheim 1971
Prenta av Nidaros Trykkeri
ISBN 82-523-0028-6

SKJEMT OG FYNDORD

For i tida var det manns ferd å seia ein replikk så han både sat og
beit. Om det har den gamle soga vår nok av døme. Og vessene har halde
oppe denne luten av gamalnorsk tradisjon. Men den kritiske sansen var
alttid sterk. Det dei sa eller gjorde, måtte fyrst og fremst vera
«mannbert» — eit serskilt vossaord for det som høvde seg. «Da æ kje
mannbert»: Det somer seg ikkje for ein bra mann. Difor har dei og
ordtøket: Da æ bære å saia for lite enn for mykje!

Denne tanken går att i mange hermo:

Det var ein vossastrending som reiste til Amerika. Han var smed. Men så
treivst han ikkje der borte, og kom heim att vones før. Då var dei
etter han:

– Kjemmu du alt attu? sa dei.
– Ja, dei hadde smed før, var svaret.

Det var ei gardkjerring som var så fæl til å jaga etter arbeidsfolket
sitt. Ein dag sonen kom køyrande med eit lass, var det han det gjekk ut
over:

– De æ likje, du å Blakkjen, de æ tungje te hoves baoe.
– Ja, svara sonen, — men Blakkjen ha fjølgare mor, han!

Ein gut i konfirmasjonsalderen var ein sumar dreng på Ulvund, i
Myrkdalen. Ulvund ligg høgt og fritt med eit storfelt utsyn. Men det er
både bratt og tungt dit opp, og langt til bygdar. Og guten lengta sårt
heim.

Fyrste gongen han var heime att, grov dei og spurde korleis han likte
seg på Ulvund, endå dei vel visste at han illtreivst. Men svar fekk dei
ikkje.

Om ei stund kom det:

– Da æ ain ting eg undrast pao, å da æ attu dar æ fugla pao Ulvund – dai so fao væ kar dei vilja.

Myrkdølene var byrge av dalen sin, og ein av dei uttrykte seg slik:

– Dai liggja fint gardane her i Myrkdalen. Men at ikkje Vårherre gjorde
da litt flatare pao Ulvund òg naor han fyrst hadda da fy seg.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *