Internt referansenummer: 16.11.10 – A
Kilde:
LIFJELL I FARNE TIDER
Ei kulturhistorisk bok i samband med 20 års jubileet for Lifjell grunneigarlag
Av: HALVOR SEM
LIFJELL GRUNNEIGARLAG HEDDAL 1983
ISBN 82-991086-0-8
Teledølens Boktrykkeri, Notodden
(Klikk her for å lese ”Forordet” skrevet av Reidar Skår)
(Klikk her for å lese ”Innleinga”  av Halvor Sem)

Skogdrift i Lifjell i farne tider…

Utdriving av tømmer i dei indre delane av Lifell er av gammal dato. Restar etter dammar og damanlegg talar sitt tause språk om ei tid som var. Dessutan kan ein her og der treffe på restar etter «kjøytur» eller primitive husvere for folk som arbeidde der. Det var helst i «dei gode tidene» .med gode prisar på tømmeret at det var lønnsamt å drive ut fjellskogen i dei meir marginale delane av Lifjell. Det var dei større bekkane eller åene som var einaste moglege transportmåten for tømmer i desse traktene. Difor var det berre i nærleiken av desse at det var drifter. Ein kjenner til mange vitnemål om folk som har legi i liene i Aslakstul og Grønbygjil på tømmerdrift. Dessutan veit ein at det var drifter i liene ved Gavlesjå, og i dalføret frå Løyningen og ned mot Slåka.

Ljoslihovet_1951

Heddalsbønder på synfaring på Ljoslihovet i 1951.
Fotograf ukjent.

For Heddalsbønder, som hadde tilgjengeleg skog i Lifjell, var det freistande å ty til den når dei av ein eller annan grunn var i pengeknipe. Da var sagbrukseigarar eller spekulantar klare med klingande mynt. I fortviling og armod vart så barskogsrettar eller meir eller mindre varige uthogstkontraktar selt frå gardane for ein «slikk og ingen ting». Så tidleg som i 1714 selde Bjørn Halvorsen Grini og Niri Olsen Frøland kvar sin halvpart i «Aslach-Stufvelschougen» til Mr. Ulerich Friederich Pinia og hans hustrue Wendele Matthidzen». Etter salet til de Pinia kom Aslakstulskogen på sal fleire gonger og vart dela opp. Tosten H. Brennekåsa frå Bø kjøpte i 1910 denne og fekk samla den. For de Pinia var det berre skogbruket som hadde interesse. I kontrakten står det da og at han skulle «gjøre sig saa Nyttig af Skoven, som best han kand . . . »

Når det gjeld Grønbygjil, kan ein finne handlar som på mange vis liknar på dei i Aslakstul. I 1850 selde Sem søndre ein del av sin seterskog i Grønbygjil til kjøpmann Johan Vauvert i Skien. Kjøpmann Vauvert var ein allsidig herremann. I Skiens historie står det at han som så mange andre kjøpmenn hadde «fleire bein å stå på». Han var sagbrukseigar på Eidet, reiar, dreiv tobakksfabrikk, og som så mange andre foretakssomme forretningsmenn, dreiv han og med brennevinshandel! Denne barskogsretten blei så i 1861 overdrege frå kjøpmann Vauvert’s konkursbu til ein Augon Olsen Haatvedt. I 1904 kjøpte så Tosten Brennekåsa frå Bø den. Hotelleigar Gurholt i Tuddal blei så eigar av barskogen i Aslakstul og søndre og Øvre Sem’s del i Grønbygjil ved eit kjøp i 1915. Det kan nemnast at søndre og Øvre Sem kjøpte tilbake barskogen av Martin Gurholt i 1979. Ved salet i 1850 fekk søndre Sem 150 spesiedalar for sin del av barskogen i Grønbygjil!

Liknande døme for sal av skog kan påvisast mange stader i Telemark. Velståande forretnings- og pengefolk har utnytta tronge tider oppover i bygdene. Det må vera ei viktig oppgåve å få desse eigedomane tilbake til dei gardane som har selt dei. Det beste ville vera om dei nåverande eigarane innsåg dette, slik at handlar og avtaler kunne gjerast om så eigedomane kom på dei «rette» hender att.

Skogsarbeidaren hadde det hardt, med primitive «kjøyter» til å overnatte i, og med veldig enkel kost. I Aslakstul og Grønbygjil låg dei enten på stulane eller helst i eigne «kjøytur». På deila mellom Aslakstul og Grønbygjil, nede ved Alakstulåo, låg «Brø’løshytta». Hytta har blitt heitande så fordi det låg nokre hoggarar der ein gong som kom i beit for brød, fortalde Anne O. Moen. Like nord for Grønbygjil, ved Storrmyra eller Piplemyra, låg Piplemyrhytta. Namnet kom seg av det at det ikkje alltid var så lett å finne hytta når det var uver. Men når dei fekk sjå røyk som pipla og rauk frå pipa, så visste dei at dei var ved hytta. Bestefar til Halvor Folkestad, Sigurd Kultan, låg der om vintrane på skogsarbeid. Nokre hundre meter nærare åo, låg Luserygghytta. Den låg like ved vintervegen til Gavlesjå, på toppen av ein bratt bakke, like nord for Grønbygjil. Bakken vart kalla Lusebakken. I djupaste dalen ned og sud for Grønbygjil låg «Jeveløen», ein stor haug i dalbotnen. Her låg det og ei «kjøyte» for skogsarbeidarar. Tuftene etter desse fire hyttene kan i dag påvisast av lokalkjende. Dei skal såvisst ikkje ha vore særleg lukseriøse, men dei gav eit visst vern mot kulde og uver.

Det kviler eit visst romantisk skjer over tømmerhoggaryrket. Føre-stillingane om skogsarbeidaren som kom heim til «kjøyta» etter ein dag med nær kontakt med naturen, kjenner me alle. Eit realt skogsmåltid med flesk, fett og jevning blei laga til over open varme. Flammene kasta sitt raudgule lys over mørke tømmerveggar. Så kom snusasken fram, eller pipa og svart kaffi i trekoppen, praten gjekk til tida kom da dei skulle køye. Utan tvil hadde skogslivet sine positive sider. Hoggaren var frikar og stod fritt når det gjaldt opplegget av arbeidsdagen sin. Arbeidet var slitsomt, men kunne og vere variert. Likevel var det nok få som opplevde kvardagssituasjonen som særleg romantisk. Det stod heller dårleg til med dei helsemessige sider slik som butilhøve, kosthald og sjølve arbeidet. Trulegvis var det slik at det var hoggarane som stod lengst tilbake sosialt sett heilt fram til midten av dette århundret.

Hoggarane hadde berre to økser når dei drog til skogs, ei felleøks eller smaløks og ei breiøks eller barkøks. Barkespaden kom i bruk omkring århundreskiftet. Det var omkring 1890 at nokre smedar her i Telemark byrja å produsere barkespadar. Til felling brukte dei altså øks. «Bågåsaga» kom i 1880-åra, og svansen kom ikkje før ved århundreskiftet. Men for mange hoggarar var det nok likevel berre øksa som var det einaste brukbare reiskap til felling. Ja, nokre heldt denne tradisjonen ved like fram til dei fyrste åra etter siste verdskrig!

I dei bratte liene ned mot Aslakstulåo drog hoggarane tømmeret ned til elvekanten med handmakt, utan bruk av hest. Tømmeret blei dregi på ein skikjelke eller stutting. Her var det viktig å utnytte terrenget og føret maksimalt. Vegar måtte tråkkast i snøen medan det var mildver. Helst låg dei på hogst seinhaustes i desse traktene, fortalde Halvor Pedersen (f. 1893). Bestefar til Halvor, Ola Pedersen Kåsa og Eilev Øygarden låg på Aslakstul og drog tømmer. Ein haust da dei var der, kom det eit forferdeleg regnver. Regnet hølja ned i stride straumar og tora slo i eitt sett. Åo flaug opp, og ein heil del av stulsroet vart sopa med av vassmassane.

Fløytinga av tømmeret føregjekk på vårparten med det same isen gjekk. I vassdraga vart det samla opp vatn i dammar. Ved dammane var det damvakt som sleppte vatnet etter avtale på førehand. Ved Gavle-sjå var det eiga hytte for damvoktaren. Den vart bygd i 1905 av Anders Aarmot. I samband med fløytinga i Aslakstulåo var det også dam i Kruvla. Så tidleg som i 1731 har me dei fyrste handfaste vitnemål om fløytinga av tømmer i denne delen av Lifjell. Da blir dam og damstøer i Gavlesjå nemd i samband med at de Pinia sel sine rettar i Aslakstul. Dammen i Gavlesjå har blitt utbetra og modernisert fleire gonger. I 1871 gav eigarane av nordre og søndre Sem bøheringane Augon og Halvor Halvorsøner Eika lov til å oppføre «en skaatningsdam i Gavlesjåvandet lidt nedenfor den nuværende gamle dam». I 1912 var Nils B. Tveiten og Torsten Brennekåsa frå Bø der og sette i stand dammane i Gavlesjå og Kruvla. Restar etter dei tidlegare bygde dammane kan sjåast ved utfallsosen av Gavlesjå den dag i dag. Siste gong dammen ved Gavlesjå var ombygd og modernisert, var så seint som under siste krig. Den vart da bygd større og meir solid slik at ein kunne magasinere opp meir vatn. Det vart mellom anna brukt ein god del betong i den. Sand vart teken frå strendene ved Gavlesjå. Det vart ein fløytarorganisasjon for Aseelva, som ho heiter lenger nede i Årmotdalen, som stod bak den siste utbyggjinga.

Fløytararbeidet var både spennande og farefullt. Fløytaren skulle vera i god form og lett til beins. Ein kunne ikkje sleppe tømmeret uti elva før fløytningsvatnet hadde runne ei stund, fordi stokkane gjeng fortare enn vatnet. Etter omlag ein time kunne fløytarane slå på frå tømmerveltene der tømmeret ofte låg i meterhøge velter. Aslakstulåo var nok ikkje enkel å fløyte tømmer i, urein som elva i høgste grad er. Tømmeret hopa seg sikkert opp mange stader i store vasar. Da var det berre å vente til damvatnet hadde passert, og dammane blei stengde. Så tørrdrog dei stokkane så langt dei kunne. Når så neste damslepp kom, gjekk stokkane fint til neste vanskelege punkt med nye sjansar for vase. Dei verste stadene vart om somrane ordna på slik at tømmeret neste år kunne gli lettare. Ein slik stad var Høgefoss nede i Årmotdalen, der det vart bygd dam og skottebru. Damvatnet i Gavlesjå og Kruvla vart nok vesentleg nytta til fløyting av tømmer nede i Årmotdalen, men av og til vart det og drive uthogstar av fjellskogen i liene ved Grønbygjil og Aslakstul. I 1770-80 åra var det ein oppkjøpar frå Skien, Jørundsen heitte han, som hadde kjøpt ein uthogst i Grønbygjil. Torsten Brennekåsa frå Bø, som kjøpte barskogen i Aslakstul og Grønbygjil, starta ein omfattande uthogst i 1905. Det vart hogge både langs elva og liene opp mot barskogsgrensa. Nils B. Tveiten frå Stokland, Bø, var saman med Brennekåsa i dette arbeidet. Siste året dei dreiv i Gavlesjåtraktene var i 1926.

I liene ned mot Gavlesjå har det også vore skogsdrifter i eldre tid. Halvor O. Åse (f. 1856) eigar av Ne-Uppigard Åse kjøpte seg inn i Gavlesjå sameige for å driva ut skog der. Halvor Pedersen (f. 1893) fortel i intervju at Halvor O. Åse hadde drifter i liene ved Gavlesjå om haustane. Tømmeret vart køyrt heilt ned til Heddal med hest vinterstid. I mottaka måtte tømmeret «kippast» for så å taka det att og køyre vidare. Det var ein dags «vending» til Gavlesjå.

I dalføret frå Lindeburoet og Løyningn ned mot Slåka har det og vore skogsdrifter i eldre tid. Ved utfallsosen av store Movatn er det dam. Nede ved Løyningn var det og dam. Der vart det samla opp vatn frå Sonstulvatnet og Ulevassåo. Så tidleg som i 1770 omtalar eit deilebrev for Ulevatnar dam og damstøer ved Løyning. Vatnet har nok vesentleg vore nytta for fløyting nede i Grunneåi og vassdraget ned mot Seljord, men av og til var det og drifter lenger inn i fjellet. Det vart da tale om uthogstar der tømmeret blei seld på rot.

I 1915 kjøpte lundeheringane Sveinung Børte og Hans Norheim tømmer etter uthogstkontrakt i Lindeburoe og Ulevatnar. Osvald Nilsen (f. 1903) fortel i intervju at det skal ha vore mykje grovt tømmer i liene der, særleg nede ved Løyningen. Tverrmål på rotenden på over meteren skal ikkje ha vore uvanleg. Men det kan ikkje ha vore enkelt å fløyte tømmeret i Ulevassåo ned til Slåka og vidare i Grunneåi ned til Seljord. Særleg vanskeleg må det ha vore i dei stupbratte gjela ned i dalbotnen før Seljordsvatnet. Mykje vart knust og stygt medfare. «Stokkane såg visst ut som målarkostar i endane», sa Osvald.

Uthogstkontrakten frå Lindeburoe omfatta alt tømmeret i liene der med frådrag av det som trongst til vøling av husa på stulen, klopping av bekker og til vedlikehald av dammen ved Movatn. 15 tylfter skulle stå att. Det var altså ein nokså omfattande uthogst som blei gjort i fjellskogen. Ei tilsvarande avtale skulle ha vore gjort når det gjeld Ulevatnar. Fyrste året gjekk med til istandsetjing av dammane i Løyning&I og Movatn for lundeheringane. Andre og tredje året arbeidde dei med hogst, framkøyring og fløyting. Karane som dreiv hadde hestar med seg. Dei køyrde fram tømmeret seinhaustes og på forvinteren. Ofte kunne det vera kaldt, og hestane blei tekne inn i stulsbuene om natta. Men det var eitt problem. Døropninga var som regel ikkje meir enn 1,40 — 1,50 m høg. Men karane visste råd. Dei grov seg ned på innsida og utsida av dørstokken slik at hestane berre kunne stega over. Det må nemnast at jordgolv var vanleg i dei gamle stulsbuene.

Kor lønnsam drifta i Lindeburoe og Løyningen var for oppkjøparane, veit ein ikkje noko om. Men trulegvis må det ha vore stort svinn både med framkøyring og fløyting. Den dag i dag kan ein sjå restar etter drifta nede ved Løyningn. Kjempestore stokkar som drivarane har baksa med ligg att her og der. Sjølv om stokkane vart kappa på seks halvmeter vart det for mykje for hest og mann!

Fjellmannen_Sigurd_Kultan

Fjellmannen Sigurd Kultan frå Bø.
Fotograf ukjent.

Sigurd Kultan frå Bø er nemnt i fleire samanhengar. Han var ein foretaksam kar, og hadde eit dristigt pågangsmot. Taktekkingsmateriale til fjos og stulsbuer var ofte eit problem i fjellet. Det gamle var å bruke never og torv. Etter nokre år seig gjerne dette ned, og så vart det lekkasje på mønet. Flis som taktekkingsmateriale kunne erstatte torv og never. Sigurd Kultan laga ein såkalla flisebane på Aslakstulroet. Tre-fire graner vart lagt butt i butt med ein god påle i enden. Vanlegvis vart det brukt to hestar som trekte fliseplogen med stokken i mellom. Ein person sat oppå plogen og ein gjekk bak plogen og styrde i to handtak. Ein gutonge gjekk gjerne etter og plukka flis. Flisa måtte plukkast vekk for kvar gong. Stor fin gran måtte nyttast som råmateriale. Slik gran var det lett å finne i liene like opp for Aslakstul. Granstokkane måtte så skjerast i slik at lengda på flisa kunne bestemmast. Nils Kultun Folkestad, son til Sigurd, overtok denne verksemda etter faren. Han brukte berre ein hest. Wire og kasteblokk erstatta den andre.

Teljing og bearbeiding av bygningsmateriale med handmakt var tungt og slitsamt. Nils og Sigurd Kultan ville løyse det problemet og. I den fyrste fossen nedanfor Høllen vreita dei ut eit kanalsystem som enda ut i ei trerenne. Ved enden av trerenna var det eit vasshjul med reimskive som hadde overføring til eit sagblad like ved sida av.

Tømmeret som vart hogge i liene nedfor fossen, skar dei på haustflaumen. Ei stulsbu på 1-1011&1 vart bygd med materialar frå denne saga. Ein vinter la det seg ei kollosal snøfonn over det området der saga var og pulveriserte ho. Men karane let seg ikkje knekke. Sommaren etter vart ho bygd opp att i kraftigare materiale! Sigurd Kultan gjekk ikkje av vegen for å slita. Rett som det var måtte sagbladet til bygds for strekking og oppretting. Da måtte sagbladet i meisen og berast ned til Øverland og opp att til Høll&i, ein tur på tre-fire timar i normal gange kvar veg. Sagbladet vog 35-40 kg. Saga ved Høllen var i drift i åra 1925-29.

Langs vassdraget frå Reskjemvatnet og nedover skal det og ha vore stor aktivitet i eldre tid. Det kan sjåast restar etter dam både ved Damtjønn og Langetjønn. Tømmer har vore fløytt i vassdraget. I kyrkjebok nr. 1 for Hitterdal står det at presten Daniel Christensen selde tømmer til Skiensborgarar. Tømmeret blei fløytt i vassdraget og frakta til Norsjø og Skien. Rekneskap finst i kyrkjeboka. I 1660 åra var ei oppgangssag i drift i innfallsosen til Reskjemvatnet, rett ned for Sagstulen. Her er det «brend» ned ei renne i fjellet som vatnet vart leia inn i. Særleg var det stor aktivitet ved saga i åra etter at London brann i 1666. Det var Ski- , ensborgarar som stod for drifta, og borda blei frakta på Norsjø og ned til Skien. Bord frå oppgangssaga ved Reskjemvatnet vart så sendt med skip over havet til London. Det kan og nemnast at det var ei sirkelsag i bekken frå Nystulvatnet til Murtebua. Den skal ha vore brukleg fyrst i dette århundret.

Nils_Kultan_med_hest

Nils Kultan på veg til Høllen i 1936 med kløv.
Fotograf ukjent.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *