Internt referansenummer: 12.07.2011 – BOK
Kilde:
Frå eit langt liv – Folkeminne, segn og soge
Per Aarviknes
HELSINGSKRIFT
Utg. Av Volda Bygdeboknemnd
1975
Aarflots Prenteverk – ”Møre” 6101 Volda
Klikk her for å lese ”Føreordet”.
Klikk her for å lese ”Helsing frå ordførar S. H. Halkjelsvik”

Skogen på Folkestad

I gamle dagar var det mykje fureskog på Folkestad og fram gjennom Folkestaddalen. Det syner dei gamle store trerøtene som ein kan sjå i jorda. Det er fortalt at timberet i den gamle Volds-kyrkja var hogt i Folkestaddalen og drege over isen på Voldsfjorden. Det var store tjukke stavar. Det er fortalt at i skogen på Folkestad var fullt av røvarar som heldt til der, og det var so gale at folket måtte brenne skogen for å få vekk alt pakket. Det er det som gjer at her er skoglaust.

Ein mann frå Flote fann eit vagepar nedi ei myr. Hesten hadde vore sprett frå, og timberstokken låg att på vagestokken. Dei meiner det var frå Svartedauden, og sidan har vagene stade der og grodd over. Desse vagene var ikkje slik som dei ein brukar no. Skåkja og vagene var i eitt tre, med vagestokken i ei bending attast på vagene.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *