Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å les om Knut Hermundstad

 

Skogin eller Ola Olsen Skogen i Skaveldadn

Umlag ein kilometer sør for Leira i Nord-Aurdal ligg den gamle kapteinsgarden Skavelden. Her er det gamal sogegrunn. Nede ved kongsvegen stod Systertelladn. Det var tre furor som — etter segni — skal vera planta av heilag Olav då han for gjenom Valdres på kristningsferd. Berre den eine står no att med nokre sprikjande, halvturre greiner.

I nyare tid — i all fall frå 1814-1878 — var Skaveldadn kapteinsgard. Og rett ein storgard var det. Den tid høyrde ei 10-12 husmannsplassar til garden. Ein av desse heitte Skogen, og her vart «Skogin» fødd 27. juni 1847.

Skogin eller Ola Olsen Skogen som han skreiv seg, var av ei sterk, hardbali ætt. Sjølv var han høveleg stor, breidaksla og tjukkfallen med eit breidt, sermerkt andlet. Skogin var soleis rett ein stabbe te kar! Skoga-folki bytte elles snart te seg Slette, ein annan plass under Skaveldo. Og då kapteinsgarden i 1878 vart seld og sundbytt, vart Skogin snart sjølveigande bonde på Sletten.

Frå Ola Skogen var ein liten smågut-taue laut han hange i med arbeid seint og tidleg. I fyrstningi var det gjæting i skog og mark. Og han var ikkje for vel vaksen, før det bar te skysse ferdafolk gjenom Valdres og Lærdal. Dette dreiv han med i 22 år te 1906. Um vintrane var det å køyre timber. Seinare tok han te med slakting. Ingen i bygdi var so dugande te det som Skogin. Det var haustar han slakta over 30 griser umframt mange andre slag dyr. — Um kveldane dreiv han med heimeyrke. Han var soleis ein meister te laga rivar, orv og knive-skaft. Den Lidi det var gjæting med lurlokk og stutelæte i alle skogar og fjell, var Skogin ein mykje nytta lur- og stutemakar.

I ung alder vart han gift med Marit Torsdotter Sletto (Skjold-hamar). Med henne hadde han 7 born.

Skogin var ein mann som hadde høyrt og røynt mykje. Han åtte heller ikkje lite av den gode, gamle måten å ordleggje seg på, og mangt underleg hadde han å fortelja når han var i det rette laget.

Lenge hadde eg esla meg te slå av ein svall med gamle Skoga. Men han var alltid so annsam. Best som du meinte du var i djup samtale med han, so slatt han ifrå deg.

So var det ein haustdag eg møtte Skaga sunnan Leira. Han hadde vore hjå kræmaren og stritta og bar tungt. Då eg hadde helsa, sa eg te han:

«Nei, Skogin, no vilja me seta uss burtme ei grøn å slå av ein svall. Du kann min sant’n ha gødt tå kvile no!»

Dette framlegget var visst som tala ut or hans eigen hug. Nok er det, me sat snart i kvat samtale burtunder ei stor hengjegran. Fyrst vart det tala lenge og vel um merkelege husmannsfolk i Skaveldo; snart var det um haugafolk talen gjekk. Skogin hadde sjølv set dette folkehøklet, so han var av dei sterk-truande soleis. Då han såg eg tok te vilja skrive ned sumt, sa han med myndig tone:

«Nei, du får kji skrive eit helvdrage ord no, mø får sjå på de sea!»

Då eg kom heim, sette eg meg trast te skrive upp det meste av soltone.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *