Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å les om Knut Hermundstad

 

Skogin ser eit huldrakvinnfolk

(«Skogin» fortel)

Umlag ein kilometer sør for Leira i Nord-Aurdal ligg den gamle kapteinsgarden Skavelden. Her er det gamal sogegrunn. Nede ved kongsvegen stod Systertelladn. Det var tre furor som — etter segni — skal vera planta av heilag Olav då han for gjenom Valdres på kristningsferd. Berre den eine står no att med nokre sprikjande, halvturre greiner.

I nyare tid — i all fall frå 1814-1878 — var Skaveldadn kapteinsgard. Og rett ein storgard var det. Den tid høyrde ei 10-12 husmannsplassar til garden. Ein av desse heitte Skogen, og her vart «Skogin» fødd 27. juni 1847.

Etter å ha besøkt han og snakka med han om «gamletidi», sette eg meg trast te skrive upp det meste av sogone. Her er ei av dei:

«Har du aldri set noko haugafolk sjølv?» spør eg. Skogin blir med eitt so tankefull; men so slær han hovudet upp og seier:

«Trur du på slekt, du?» — Då han ikkje fekk noko svar på dette so med ein gong, held han fram:

Eg trur på haugafolk, for eg har sjølv set dette folkeføret. —Ein laurdagskveld skulde eg på stølen vår, Pilset. Eg hadde endå med nokre småsaker te henne Marit nord i granne-selet.

Då eg kom fram og hadde fått ete og drukke og nossa2 meg litt, skulde eg ut og hogge ved. Eg heldt vel på ein halvtimes tid, med kona mi var inne og kokte te kvelds. Då eg var ferdig, tok eg sakene eg hadde med åt henne Marit, og gjekk burt i granneselet. Det kunde vel liggje so ei 50 alner burte. «Ko va de før slags fremandkvinnfølk so sto hjå de me du hogg ve?» sa ho Marit, då eg kom burti selet.

Du kann tru eg gjorde augo. «De ha kji fønnist kvinnfolk ve hoggestabbin hjå me i kveld!» svara eg.

«Jau, ei va de nok,» sa ho Marit. «Ho hadde endå raublomut hugguplagg o raurutut kjol. E trudde de va ei kjering so va på krøterleiting o venta ho skulde kome hit.»

Me vart mutte båe; for me skjønte kva slag kvinnfolk det var ho hadde set.

So var det bufardagen året etter. Eg var komen på stølen; men so skulde eg og eit par andre burt i haugane etter kvar vår bør med raskeved, turrbrisk o. a. Me la oss i kvar vår bør. Men eg var ikkje komen langt på veg, før mi bør datt or, so brått som ho skulde vore rivi or umbløgun (Umbløgo = ein lang, mjuk bjørkerenning med ei lykkje som er tilvridi i toppen istaden for helde). Dei som var med, sa:

«Detta va rart. Ho låg då likso gødt di bør so vår!»

Ja, eg laut då leggje ned umbløgo-reipet mitt og leggje børi i att; men no vart eg etter dei hine. Då eg gjekk burt over rekslevegen med børi, der visste eg ikkje ordet tå, før eg vart var tvo fine, blårosa koppar som stod på ei Lubbe like ved vegen. Eg laut tissmeir gå ein krok for ikkje å trø på dei.

Eg skunda meg på stølen med børi og gjekk so attende skulde få tak i koppane; men dei var no burte og vart burte, endå eg visste so vel tubba dei stod på, at eg gjerne skulde peike på ho den dag i dag.

Ei stutt tid etter var eg på stølen åleine. Med eg dreiv på arbeidde, der visste eg ikkje tå noko før det kom eit fint kvinn¬folk gåande uppover haugen trast burtanfor ein bekk som renn like framund stølen vår. Raudblomut plagg hadde ho og raud-rutut kjol. Ho rusla upp på ei slette like ova stølen. Ho var ikkje lenger frå meg enn eit halvt steinkast. — Eg sprang då upp på sletta og skulde sjå kva det var for slags kvinnfolk; men då var ho som sokki ned i jordi.

So var det ei tid etter. Eg var heime etter kaffi og sukker, mjøl og anna. Ei halv tunne korn fekk eg hjå honom Nils på Myr’n. So laut eg te Fagernes og få male. Men so laga det seg so at eg laut like te Reie med ein skyss med det same.

Det hadde alt teke te reka mykje storfant etter vegane, og dei vil fort fram, veit du. Det var difor dugeleg seint då eg stod på Slett’n med mjølet. Eg kløvja hesten og stod nett ferdig skulde fara. Der vart eg var eit fint kvinnfolk som kom ridande ovante. Raudblomut hovudplagg hadde ho og raudrutut stakk. Fin kvinnfolksal sat ho i, med slik blank salgjur og ny grime. Hesten var brun. Ho for like um meg, og eg såg ho og hesten so vel som eg ser deg.

Då eg kom uppi Søre Huset, fortalde eg kva eg hadde set; men der hadde dei ikkje merka noko. Mannen vilde då eg skulde liggje der; men eg tok tak i hesterova, og soleis kom eg te Pilset att um natti. Sidan har eg ikkje set dette underlege kvinnfolket. «Endå kann somme seia at de ikkji e haugafølk te!» seier Skogin og sputtar langt.

*****

Ei tid etter fekk eg spurt at Skogin var sjuk og sengeliggjande. No kunde det vera godt å få tala med Skaga, tenkte eg. Det vart og te det at eg kom te gå te han dag etter dag. Det var midt i hardaste onni. Og Skogin laut då lange stundene liggje inne åleine. Han gleda seg difor som eit barn når eg kom te honom, so han fekk ein å tala med.

Stundom hadde eg med gode bøker te han. Han var so glad i å lesa. Andre gonger vanka det litt frukt og sukkergodt. So tala me saman time etter time um gamle dagar. Og no fekk eg skrive og.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *