Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Skolen og prestegonga


I fyrstningi eg skulde lære noko i «skulen», hadde me ingen verkeleg lærar. Ein av dei flinkaste ungane vart teken te å lære dei hine. Han Embrik, sonen hans vesle Embrik på Reistebakka, var skulehaldar ei tid. Han lærde oss A B C-a og katekisma, forklaringi og bibelsoga. Då var han so i konfirmasjonsalderen, men me lydde nok på han for det. Denne karen fekk ingi betaling. Han tente verneplikti si med å vera lærar. Um eit år fekk me ein utlærd lærar, Andres Ivarson Haugo. I Vestringsgardo og på Åbjør var han den fyrste læraren som hadde gått skulemeisterlære. Og no vart det ogso skule berre på ei viss stelle, so me slapp rakle kring gardane lenger. Han uttydde det me las, han Andres, og so frega han meir ann han Embrik. Me fekk og småe lesebøker og naturfag i hans tid. Men han døydde då han hadde skula i tvo år. So fekk me han Timan på Tølto (seinare Åvok) te lærar.

Eg vart konfirmert for Johannes Nilsson Skaar. Han var kapellan hjå presten Melbye, som tok te å bli gamal. Det var ofte ikkje greitt vera Skaar. Det var nokre store, lange førkar som gjekk for presten, og dei var ikkje gode halde styr på. Tvo av dei gjekk og las tredje året, og ein gjekk det fjorde. Den siste skulde på Helgelandsmoen og stå kongens tenest um sumaren, og so laut Skaar konfirmere han so han skulde sleppa dit.

Nokre av presteungane brukte å gå inn i ein filleplass og setja seg der te spela kort med me hine var hjå presten. Når då me var ferdige, vart dei ogso med heim. Dette fekk Skaar greie på. Og so gav han dei ei grepa skrape. Ein lang førk som sette upp, laut Skaar ta i buksebotnen og aksli og kaste ut.

Då gutar og gjentor heldt leven etter «prestevegen», og Skaar fekk greie på dette, delte han gutane og gjentone, slik at han las med gutane ein måndag og med gjentone hin. Ja, Skaar var gut som ikkje vilde ha uorden etter prestevegen, det! Han vart då ogso bisp te slutt!

Det var taksten at presten skulde ha ei foræring av kvar konfirmant. Sume hadde med geiteprim, andre ost og smør. Eg hadde med ein geiteprimost, laga av Marie Kulterstad, og so fekk gamlepresten Melbye fire mark i pengar. Kvar gav etter som dei var grusse te. På konfirmasjonen møtte presteungane frå heile Aurdal herad i Aurdal kyrkje, kvar med sin lærar. Presteungane vart uppstelte i rad frå altarringen og ned mot ungangsdori etter som dei var flinke te. Dei beste stod fremst, og dei kleneste ned i mot døri.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *