Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Skolmekloven

På nordsida av Hareidland langs Breisundet, gjeng ein høg bergvegg som heiter Skolma. Fjellgarden stuper mest loddbeint ned mot sjøen. På andre sida av Breisundet ligg Godøya.

Langs egga på Skolma frå Kvitneset i aust til Flø i vest er der ei noko breid og djup sprekke i fjellet som dei kallar Skolmekloven.

Folket på Godøy-gardane hev sidan uminnelege tider hatt ein reddhug for denne kloven; for ramla den ut og fjellsida gjekk i sjøen, vilde alle gardane på sørsida av Godøya verte skylde burt av ei veldig havbylgje.

Sidan kristentrua kom til landet hev difor folket på Godøya kvart år gjeve noko til «det som godt er». — Far min som dreiv fiske på Godøya i tre år kring 1860, fortalde at då torskefisket var slutt ved Marimess, og karane skulde byte fisken millom seg, so tok dei av utbytt fangst 16 av dei gildaste torskane og la frå. Det dei fekk for desse fiskane hjå handelsmannen, vart sendt til St. Jørgens Hospital i Bergen som sælebotsgåve for at ikkje Skolma skulde ramle ut.

M. B.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *