Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Skomakarsnibbo

Dale-fjellet paa Rennesøy mest attmed Hornet er det ei nibba som heiter Skomakarsnibbo. Det namnet skal ho ha fenge av di at ein skomakar ein gong sat der og skulde sy eit par sko. Han hadde forbrote seg so dei hadde dømt han fraa livet; men so skulde han frelsa livet, so framt han kunde sitja der uppaa nibbo og sy eit par sprett ferduge. Nibbo er flat uppaa og nett so vid at han kunde setja krakken sin der. So sette han seg paa krakken og gav seg til aa emna paa skorne. Han hadde kje stort svingerom, og han maatte agta seg at han ikkje saag ned; for gjorde han det, so hadde han Mastrafjorden rett under seg paa tri kantar ende-langt nede. Men det gjekk godt alt til han skulde slaa den siste pinnen i kulen. Daa sleppte han ned sylen, og so tøygde han seg ut yver og vilde taka han att. Daa datt han utfyre. Og so vart det ende paa han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *