Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å les om Knut Hermundstad

 

Skøt

(underlege namn på sjukdom på folk og fe)

(«Skogin» fortel)

Om Skogin:

Umlag ein kilometer sør for Leira i Nord-Aurdal ligg den gamle kapteinsgarden Skavelden. Her er det gamal sogegrunn. Nede ved kongsvegen stod Systertelladn. Det var tre furor som — etter segni — skal vera planta av heilag Olav då han for gjenom Valdres på kristningsferd. Berre den eine står no att med nokre sprikjande, halvturre greiner.

I nyare tid — i all fall frå 1814-1878 — var Skaveldadn kapteinsgard. Og rett ein storgard var det. Den tid høyrde ei 10-12 husmannsplassar til garden. Ein av desse heitte Skogen, og her vart «Skogin» fødd 27. juni 1847.

Ein gong eg var på besøk hos han spør eg han for å få samtalen i gang:

«Hadde dei ikkje so mange underlege namn på sjukdom både på folk og fe i gamal tid?»

Og det vart ikkje spurt i måfå, skal du høyre:

Skøt

Skøt kann krøteri få. Eg hadde ei kyr som stupte stokkstein daud av det. Og då me opna ho, synte det ei raud strende inni henne frå manken og framåt juret.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *