Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Skredulykka på Skjellelva

Snøen kom seint vinteren 1919. Heilt fram til askeonsdagen var det snøfritt. Men den gamle trua om at han skulle «selle aske» (lage snøfokk) den dagen slo til i fullt mon det året. Det var fint ver heilt til middags, men då rauk det opp med nordavind og snøfokk, så det var mest uråd å komme frå hus til hus. Han braut ned store snømengder utetter vinteren, og i slutten av april var det meir snø enn det hadde vore på mange år. Men snøen låg heilt laus oppå den hardfrosne jorda, og folk frykta for snøskred.

Den 1. mai slo veret om. Det blei med ein gong varme i lufta og sterk austavind. Tininga sette brått inn, og snøen minka så fort dei første par dagane av mai at det var ikkje til å tru. Seinare gjekk snøen over til sørpe og blei så laus at det var mest uråd å komme fram, endå om ein gjekk på ski.

Om morgonen 3. mai var det 12 varmegrader på grafittverket, som låg tett utafor Skjellelva. Det såg ut som om snøen hadde skifta farge om natta og fått ein let som veksla mellom blått og grønt og gult, men enno låg han fast i lia. Utpå dagen gjekk det eit par småskreder ved
grafittverket, og folket på Skjellelva var urolege, men dei leit i det lengste på at skogen oppe i lia skulle halde snøen fast.

På bruket Steinli ved Skjellelva budde Anna og Johan Pedersen med seks barn, og det var meininga at dei skulle flytte ut av huset og bort til naboen så snart dei var ferdige med kveldstellet. Men det var mangt å ordne med, både i stue og fjøs, og før dei kom seg av garde, hende det. Snøsørpa oppe i lia tok til å gli og kom nedover med stor fart. Skog og svære steinar blei ført med nedover, og på ein augneblink var alle husa på bruket sopt på havet.

Næraste naboen budde berre hundre meter unna. Folka der hørte braket og sprang ut, men alt gjekk så fort og ofseleg føre seg at ingen etterpå kunne fortelle om korleis det hadde bore til. Dei visste ikkje av før husa var borte, og alt låg og rak ute på sjøen. Naboane kom springande til og tok til å grave i det tjukke sørpelaget som låg igjen i fjæra. Dei fann begge kyrne nedst i fjæresteinane, men elles ingenting. Andre sette ut båtar og tok til å leite etter dei omkomne, men sjøen var så full av issørpe og restar av dei sundslegne husa at det var van-skeleg å finne noe. Leitinga heldt fram utover natta, og i dagane etterpå blei det sokna i sjøen. Dei fann Johan Pedersen, men ikkje kona hans. Dei fann også dei fleste av barna.

Dei som mista livet ved ulykka var: Johan Martin Pedersen med hustru Anna Karoline og barna Dagmar Hansine, Agnes Johanna, Ester Dorthea, Peder Martin, Alma og Emmy. Dei seks barna var i alderen 3 til 18 år.

Den eldste dottera, Signhild, hadde tatt seg tjeneste og var borte ulykkesdagen. Ho var den einaste som var igjen av familien.
(Håkon Andreassen)


I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.
sneskred.jpg
llustrasjon:
Pennetegning av Karl Erik Harr, hentet fra: "FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA II" av "Arthur Brox"

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *