Internt referansenummer: 07.08.2013 – BOK
Kilde:
Fotefar frå folk føre
AV SAMUEL GYSLAND
Med teinkingar av ODD R. JØRGENSEN
Kvina Trykk, 4480 KVINESDAL
1992
Klikk her for å lesa ”Føreordet”
Klikk her for å høyra Samuel Gysland fortelja om boka «Fotefar frå folk føre»
Lydfilane er henta frå Radio Lyngdal

 

Skreppekarane frå Tinn


Olav Olavson Dale var fødd i 1811 og budde på garden Dale i Tinn Austbygd i Telemark. Han blei i 1833 gift med Kari Kjetilsdtr. Lurås.

Dei fekk sju barn. Av desse var det fem gutar, som alle i sine unge dagar farta rundt både i Agder og Telemark som skreppehandlarar.

I åra 1850-1870 – var det lite og inkje kræmarvarer å få kjøpt på landsbygda, og kanskje særlig gutar frå dei indre bygdene i Telemark, såg kva marknad der var for slik omførselshandel. Mange av desse la grunnen til ein god økonomi på denne måten.

Tre av Dalegutane hamna i Vest Agder: Knut (1842-ca. 1900) i Finsland. Gunnuf (1840-1935) i Hægebostad, og Halvor (1855-1936) i Kvås. Der er stor slekt etter alle tre.

Gunnuf var vel den mest fargerike av desse tre brørne. Han var låg og sterkbygd, og var brei som ei låvedør over bringa. I tillegg var han ein «spissbur», var god til å prate for seg og god til å handle. Han var til vanlig ein svært omgjengelig mann, men sleppte han først sinnet på seg, kunne han skræme kven som helst. I lyd og lag var han alltid morosam og lettliva. Det blir fortalt at i eit bryllup dansa han så lenge på sokkeleisten at han sleit ut eit par loddar.

Når han kom køyrande etter Lyngdalen med posten, bles han mange gonger ein «trebulant» på posthornet når han kom til gards. Mange småungar var livredde, for då visste dei at mannen med sekken var i kominga. Ja, det var ikkje uvanlig at dei bare kika fram ørlite grann frå ein lur gøymestad til faren var over.

Sekken var stor og romslig, og der ville han putte ungane, lest han. Sjølv var han svart både i hud og hår, og bludra i veg på Telemarksdialekten, som verka både litt uforståelig og litt skremande.

Han hadde lova Strand-gutane i Lyngdal at han ein dag skulle ha med ei «fjelljenta» til dei Så ein dag kom han med ei vaksen jente bak på karjolen, og han sa då frå til den eine småguten at nå var fjelljenta leveringsklar. Men guten blei ikkje svar skuldig: «Tro du æ vil ha sån ei sluffe», var svaret. Ein annan dag hadde han med seg si eiga småjente, og forkynte at nå kom endelig fjelljenta som han hadde lova bort. Men då blei svaret: ”Ja o va nokså pæn, men æ vi kje ha o ligevel.”

På ein gard oppe i dalen stod ein kar og måla huset. Gunnuf hadde vore i målarlære, og såg seg arg på arbeidsmåten. Han heiv hestetaumane, sprang bort, tok kosten og rettleidde: «Du må ikkje stå slik og klatte og klatte. Du skal stryke lange strøk». Ingen av dei visste nok den gongen at karen som måla, kom til å bli svigerson til Gunnuf.

På Birkeland i Hægebostad sat der ein liten treåring og leika i sandvegen. I andaktar og på husmøter hadde han høyrt om djevelen som var så svart og stygg, og bare venta på eit høve til å slå kloa i oss. Så med eitt stod der ein breivaksen, mørkkledd mann som svara til oppskrifta, rett framfor han. Mannen hadde svart hår og vidbramma hatt, og attpå det heile så ber han på ein stor sekk, og bludra eit eller anna om at han gjerne ville hatt ein smågut i sekken. Då denne guten var 80 år, tala han ennå om korleis han skreik då han rømde frå styggemannen.

Historien sluttar ikkje med dette, for ei stund etterpå skulle treåringen vere med far til kverna med eit kornlass. Då dei kom fram til kvernhuset ved Bjærumselva, kom møllaren ut og skulle ta mot sekkane. Så synte det seg at møllaren var ingen annan enn styggemannen fra sandvegen på Birkeland. Guten sette i eit fælt skrik, og sprang frå både far og styggemannen, og var ikkje til å stoppe før han var heime hos mor.

Men ein gong var Gunnuf nær på å bli ille ute på grunn av eit slikt «apestrek». Han var innpå Lygne-strendene og hogg i skogen. Då ser han postguten frå Eiken. Han har vore på Tingvatne og henta postsekken, som han ber på ryggen. Gunnuf får eit innfall: Han er svart og fillet, rusar ut mot vegen, og krev å få postsekken utlevert.

Dette lykkast bare så altfor godt. Guten kastar sekken, og spring alt han orkar — mot Eiken. Då hadde Gunnuf ingen annan utveg enn sjølv å ta sekken på ryggen og dilte etter heilt til han nådde guten att, og fekk overtydd han om at «røvaren» var ikkje så farlig som han såg ut til.

Utallige soger blir fortalt om Gunnuf. I sine unge dagar som skreppekar var han ute for litt av kvart. Blant anna kom han til eit hus der dei kinna og kinna, men ikkje kunne få smør. Her fekk han prøve kunstene sine. Han tok lokket av kinna, las ei regle over fløten, la på att lokket og tok til å sveive, — og, vips, så var det smør. Jau, den karen kunne meir enn Fadervår.

Om vinteren var det mange og lange, kalde mil med posten frå Tingvatn til Lyngdal og heim att. Men han hadde ei bjørnehelse og hadde svært god tru på brennevin og tobakk. På sine gamle dagar blei han stiv og størjen, og i mange år gjekk han bare den daglige turen frå senga og til sofabenken.

Før hadde folk så mykje betre syn enn nå. Dei såg så mykje overnaturlig. Av og til såg dei «hammen» av eit menneske, sjølv om dette mennesket var milevis borte. Dei som viste seg på denne måten og var kyrkjekledde, skulle snart døy. Men dei som viste seg i kvardagsklede, ville bli svært gamle. Dei såg «hammen» av Gunnuf ein gong, i kvardagsklede. Han blei 94 år og døydde i 1935.

Tingvatne

Tingvatne ca 1917. Gunnar og Ingeborg framme. Bak Gunnar står dottera Olga (g. Gysland) og bak Ingeborg dottera Karoline. Heilt til venstre og høgre barnebarna Ragnhild og Ingebjørg Høyland (Konsmo).
Fotograf ukjent.

Gunnuf blir Gunnar, og kjøper gard på Tingvatn

 Gunnar Tingvatne

Gunnar Tingvatne som gammal, og i arbeidshabitten, etter at han hadde selt garden og flytt ut til Tingvatnemonen. I bakgrunnen ser ein plassen til Stor-Ynjebor.
Fotograf ukjent.

Mange av dei som les denne soga lurer vel på kven Gunnuf Dale var. Kanskje det burde vore klårgjort før, men betre seint enn aldri.

I den tida det her er tale om, tok dei aller fleste namn etter garden dei budde på. Slik også her. I tillegg endra han også førenamnet sitt til Gunnar, då han blei bufast på Tingvatne. Korleis dette gjekk føre seg, skal vi sjå litt nærare på…

Då han gjekk med skreppa, kom han til mange gardar og trefte mange slag folk. Slik kom han også til Urestad i Hægebostad. Der budde ein mann som var komen frå Røyseland, Anders. Han hadde tatt Urestadnamnet då han blei gift med Karen Serine Urestad, og overtok garden. Bror til Karen Serine var den vidgjetne «spissburen», Torkel Urestad.

Anders og Karen Serine hadde ei dotter som heitte Ingeborg. Det blei gjævt med henne og Gunnar, og bryllupet stod på urestad i 1870. I 1872 kjøpte dei garden etter Steinar Tingvatn på auksjon, og flytte dit. Med kjøpet gjekk det slik til:

Garden blei oppropt på auksjonen. Fleire kunne nok ha hug på å kjøpe, for det var ein etter måten, bra og levelig gard. Men Tinndølen og skreppekaren baud over bygdefolket, og fekk tilslaget. Så blei det spørsmål etter korleis han kunne greie ut salgssummen. Nå stakk skjelmen fram i Gunnar. Han vende seg til fleire av dei frammøtte og spurde om kausjon. Ingen var lystne på å kausjonere for ein ukjend innflyttar frå Telemark, som endå hadde gått med skreppehandel. Han fekk bare nei kvar han spurde, og håndfliren tok så smått til å gripe om seg. Då gjekk Gunnar rett fram mot lensmannen og sa: Ja, da får eg høre med skreppa mi». Så bladde han opp heile salgssummen, og fliren forsvann som dogg for sol.

Nå flytte Gunnar og Ingeborg inn på Tingvatn, og fekk dei store, dobbelthøge husa i slik stand at dei seinare heldt hus for dei aller fleste kommunale styrer og råd. Vestre stove blei og brukt som tinglokale. Då var ho delt i to avdelingar med lause grindar.

Tallause turistar og andre ferdafolk fekk også mat og husrom her gjennom mange år. Constantius Flood skriv i boka, «Fra Fjeldet og Skjærgården», trykt i 1879… «Thingvatne er vakre velbyggede gaarde og en fortrinlig Station for Tourister, der vil gjøre Ekskursioner omkring i fjeldene.»

På sine eldre dagar bygde Gunnar og Ingeborg hus og uthus på Tingvatnemonen, og flytte ut der. Heimegarden overtok sonen, Anders. Han og kona, Henriette, tok også mot turistar og andre ferdafolk heilt til bilalderen tok til for alvor.

På same tid som Gunnar var ein føregangsmann, så var han konservativ til tusen på andre måter. Han var t.d. kanskje ein av dei aller første som planta skog på desse kantane. Derimot kunne han aldri godta at slåmaskinen klippte graset så alt for høgt frå jorda. På sine gamle dagar leigde han derfor folk til å slå slettene på Tingvatnemonen med ljå. Likeins trudde han lite på at vatnet kunne renne opp for bakke. Det tok vist nok fleire år før han la inn springvatn på Tingvatnemonen. Då synte det seg, underlig nok, at der kom vatn ut av krana, sjølv om det hadde hoppa over eit lite høgdedrag på vegen.

Stortingsmann Søren Jaabek frå Halse og Harkmark var litt av eit ideal for Gunnar. Ja, ikkje for det, han hadde evnen til «å snu seg» i einkvar situasjon, og var på godfot med både leg og lærd. Som gjestgjevar og postmann blei han kjend med ”heile dalen” og vel så det. Men Jaabek sin politikk skilde seg ut: Han var sparemannen framfor alle. Derfor sette bøndene han høgt. Gunnar laga tobakkpiper sjølv, etter Jaabek sin
modell, og kalla dei ”Jaabek-piper”. Hovudet var ein oppbora avkutta bit av ein høvelig, rund stokk. Pipestilken var ein tynnare pinne, der mergen var bora ut. Gunnar sa: «Da Jaabek var på Snartemo, da røkte han på ei sådan.» Heile sitt liv tala han uforfalska Telemark-dialekt».

Då mi bestemor på farskanten blei bortimot 90 år, tok ho til å svekkast svært mykje på høyrsla. Derfor kom dokteren heim og sprøyta øyrene. Til dette bruka han ei metallsprøyte med lang spiss, og mykje lunka vatn. Då Gunnar fekk greie på effektiviteten av denne operasjonen, sette han fluksens i gang med å lage seg ei tresprøyte, men vel å merke, utan nemnande spiss på. Så gjennomførte han ei grundig «gjør det selv» — sprøyting — og høyrde sjølvsagt like dårlig heilt til sin døyande dag.

Halvor blir gift med gardjenta på Moi, og tar namn etter garden

Moi

Halvor og Anne Elisabeth Moi.
Fotograf ukjent.

Både Halvor og Knut handla første tida for broren, Gunnuf (Gunnar). Deira beste distrikt ser ut til å ha vore vest for Kristiansand, og kanskje særlig Lyngdalen.

I denne dalen sette også Halvor seg til. Det ordna seg slik at han blei kjend med gardjenta på bnr. 6 Moi, Anne Elisabet. Ho var dotter til Torkild Torkildsen og kona, Anna. Garden blei overført til Anne Elisabet i 1874, og frå denne tid overtok ho og Halvor.

Torkild levde bare fem år etter han hadde selt garden. Kona var død 15 år før han.

I tillegg til ei dyktig kone, fekk Halvor nå ein bra gard på kjøpet. Frå nå av kalla han seg for Halvor Moi.

Rett nok var det på Moi som på dei fleste gardane i denne tida: Der var lite dyrka jord, men så var der ganske bra skog og gode utslåtter som høyrde til. I ei av utslåttene var der utjordsløe. Denne slåtta låg omtrent på toppen av Vestheia, og heitte Stoå. Her tørka dei høyet og hadde det inn i løa. Mellom onnetidene bar Halvor høybyrdene på ryggen ned den stupbratte fjellstien. Han kunne greie tre slik vendingar til dagen. Då kom nok den gamle treninga vel med, slik som Welhaven syng om Gudmund Torsen Storebingen… «Flink med skreppen på sin nakke, både opp og nedad bakke.»

Halvor var stillfarande, fredsam og svært varsam i framferda si. Han var ein god arbeidsmann og litt av ein økonom slik som dei andre brørne. I hobbalen dreiv han mykje med borkefletting i bjørke — og eike-skogen. Bjørkenevra var det god avgang på til tak-tekking. Borken gjekk via Agnefest til garving av skinn og fiskegarn.

I den gamle tida hadde ikkje folk det så travelt som i våre dager. I alle fall tok dei seg mange, gode fristunder. Halvor syntest å hygge seg aller best når han sat og «passiarte» med naboen: Gamle Johannesen, vegoppsynsmannen. Han var komen endå lenger aust frå enn Halvor, frå Sverike.

Då Halvor selde garden til sonen Olav og kona Marie, tok han seg att husrom i austre stova. Her inne hadde barnebarna ein freda plass både til lekselesing og stillfarande leik.

Sonesonen var ein gong inne og tende parafinlampa utan å ha lov til det. Heldigvis fekk han blåse ho daud att før Halvor kom inn. Ulykka var bare den, at glaset var varmt då Halvor skulle tenne. «Då murra han fælt», sa sonesonen då han fortalde det. Den gongen hadde han heldigvis kome seg i dekning under senga.

Halvor og kona fekk ei stor sorg. Eine sonen, Torvald, var i U.S.A. og var innrullert for å bli sendt til Europa i første verdenskrig. Før han kom så langt, døydde han i spanskesjuka, Så lenge foreldra levde, hadde dei krigspensjon etter han.

På indre veggen i den gamle stova var der ei hylle med eldgamle tinn-tallerkar. Dei er ennå til. Med sine innkrota årstal og bokstavar ber dei bod om ei tid annleis enn vår, men også om gammal arv som skal førast vidare gjennom nye slektledd.

Knut Dahle

Knut Dahle

Knut Dahle, Finsland (født i Tinn 1842). Kona Ranni. Barna: Karoline, f 1876, Salve, f 1877, Olav, f 1885.
Fotograf ukjent.

Knut følgde same låma som dei andre brørne. Først dreiv han med skreppehandel for broren, Gunnar, og seinare for eigen vinning og vågnad.

På reisene gjennom Lyngdalen, Audnedalen, Mandalen og Songdalen fann han jenta si i Finsland.

Det var i 1870 åra han blei gift med Ranni, dotter til Salve og Ingeborg Finsland. Den første tida budde dei i Bjelland og dreiv landhandel der. Ranni var drivande og flink. Det var stort sett ho som stod for butikken. I tillegg sydde ho for folk.

Knut handla med livdyr kring om i bygdene. Slaktedyr kjøpte han og. Desse dreiv han til Kristiansand og selde dei der. Han fekk ord på seg for å vere pålitande og real i all si ferd. Kona sa om han: «Knut æ så jille som daen æ lange.» Folk var aldri redd for at dei ikkje skulle få pengane dei hadde til gode av han, sjølv om dei måtte vente til Knut hadde vore i Kristiansand og selt drifta.

Handelshugen gav seg også utslag i at han handla gardar fleire gonger, og handla bra. Han døydde av nyresjukdom kring århundreskiftet på garden Røysland, som dei då hadde kjøpt.

Gunnar og Halvor som slo seg ned i Lyngdalen, tok ikkje vare på Dahle namnet. Det gjorde derimot Knut, og der er mykje slekt etter han og Ranni i Finsland i dag.

 

Knut Herbjørnsen Lurås. (1852-1925)

Knut Monen

5. okt. 1919. Heime hos Knut Monen (Knut Herbjørnsen Lurås). 1. rekke frå ven¬stre: Edit Harbakk (g. Johansen), Mabel Harbakk (g. Bjærum), Adolf K. Gysland, Arthur Gysland og Gudrun Harbakk (g. Gysland). 2. rekke: Knut Monen, Gys-land, Oskar Harbakk, Martin Bjørkeli, Hans Jakop Gysland, Konrad Harbakk.
Fotograf ukjent.

Endå ein tinndøl kom til Lyngdalen på same tid og på same måten som Dale-brørne. Det var søskenbarnet deira, Knut Herbjørnsen Lurås.

Han var gift to gonger og tok namn etter den første garden han kjøpte, Hægebostad-monen. Frå nå av kalla han seg Knut Monen. Han hadde 10 barn i to ekteskap. Også etter han er der mykje slekt, men ingen av etterkomarane er busett her i dalen.

I Hægebostadboka skriv Ånen Lauen: «Det var så mange i denne tida som gjekk med skreppa over bygdene med småhandel. Dei hadde alltid godt med pengar, og kjøpte til slutt gardar kontant der dei slo seg til.»

Knut heldt fram med same «geskjeften» etter at han hadde kjøpt gard. Nå dreiv han landhandel. Om dette skriv Ånen Lauen vidare: «Sidan Knut var landhandlar, kunne han vel mest bare vinka til jentene, så mæte var det å vera kjøpmannsfrua.»

Den første kona til Knut, Talina Ånensdtr Gyberg, døydde i 1886. Så gifta han seg andre gong med Lisa Marie Iversdtr. Skothei.

Nå var det lov å drive landhandel i distriktet. I 1852 var det butt nei til ein søknad om det same. Vi skal sjå kva Dosent Indrebø skriv i «Norske Bygder, Vest Agder» (utk. 1925), sitat: ”Formannskapet i Farsund tykte ikkje i 1852 at det var grunn til å setja ein eigen handelsmann i eit distrikt (Hægebostad), um folket der hadde frå fire til sju mil, og sume garder litt lenger, til den næmaste by-handelsplassen. Det kom ingen handelsmann i distriktet heller den gongen.”

Om Knut hadde ord for å vere økonomisk, så hadde siste kona hans, Lisa, helst ord for å vere «fluse». Dette ville ein liten gut nytte seg av. Han satsa på å kjøpe drops, trulig for eit par øre, ein gong han var nokså sikker på at Lisa passa «kråmbuå». Han kom ut att til dei andre ungane sørgjelig skuffa. Posen var mindre enn han hadde vona. «Æ trefte bare Knud knig,» sa han.

Det var på Monen han hadde den første butikken sin. Så selde han denne garden, og flytta både med familie og butikk til bnr. 5 på Gysland. Butikklokalet står framleis som i den tida Knut og Lisa stod bak disken. Det er eit bak-kammers, og kan vel ha ein golvflate på omlag 10 m2.

Her på Gysland døydde han i 1925. Lisa var død fleire år før. I gravferda hans var der høge søsterkaker på bordet. Sjølv låg han som ein patriark i kista med det store grå skjegget fint utgreidd. (Meir om gravferda i forteljinga: «Døden gjestar grenda».)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *