Internt referansenummer: Bok-05. april-2020
Kilde:
Skreppekarar og anna folk
Av: EINAR ULLESTAD
Illustrert av: OLAF HUSTVEDT
NOREGS BOKLAG
1962
Trykk og bind:
MARIENDALS BOKTRYKKERI A/S,
Gjøvik

EIT FØREORD

Desse stubbane er for det meste soger som gjeng om folk på Vossevangen og i Vossebygdene. I ei slik rik og stor bygd vil det alltid vera nokre sermerkte menneske som set sterkare merke etter seg enn andre. Det har alltid vore ei glede å høyra gamalt folk fortella om dei — og etterkvart som sogene samla seg, vart det stoff til ei lita bok. For det ville vera synd om minnet om originale og kjende vesser skulle gå i gløymeboka i vår moderne og utvende tid.

Han Per Sivle skreiv i si tid stubbar frå Voss, men det er lenge sidan, likevel vart stubbane vel mottekne då dei kom ut på nytt. Det er ikkje for å gå i mannjamning med Sivle desse stubbane kjem på trykk, det er berre for dei ikkje skal verta borte etterkvart som gamlekarane vert det. Mange hadde kanskje venta å finna andre soger og historier som lever rundt i bygda og på Vangen, dei kan koma med tid og stunder. Dette er eit utval som det har vore ei glede å skriva for samlaren, som og fann det mest tenleg å fortelja på normalmål, medan replikkane er skrivne på vossemål. For den lesaren som ikkje kjenner vossemålet, er det lettare å skyna det om han les høgt. For kjem han ein sumartur til Voss, vil han enno høyra dialekten kling i bygda, den har til dessar trassa all påverknad frå radio og turistar og vil vonleg gjera det lenge enno, for den høyrer på ein måte med til li og ås og fjell og dal i denne breie bygda midt inne i fjellheimen. Kan denne vesle boka gje lesaren eit lite bilete av bygda gjennom dei folka han møter her, er samlaren meir enn nøgd.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *