Internt referansenummer: Bok-05. april-2020
Kilde:
Skreppekarar og anna folk
Av: EINAR ULLESTAD
Illustrert av: OLAF HUSTVEDT
NOREGS BOKLAG
1962
Trykk og bind:
MARIENDALS BOKTRYKKERI A/S,
Gjøvik
Klikk her for å lese «Føreordet»

SKREPPEKARAR

Dei gamle skreppekarane var si tids handelsmenn. Tek ein undan byane og småstader med ei handelsbu, var det skreppekaren som sytte for småvarer folk trong om. Folk var elles meir sjølvhjelpne før, og krettur handla dei med kvarandre på kyrkjebakken om sundagane. Skreppekaren var difor ein velsedd gjest når han kom til gards. Sume skreppekarar var flinke til å fortelja, og det var alltid ein føremon når dei skulle handla. Folk fekk veta nytt frå den store verda utanfor bøgarden. Nær sagt alle som hadde litt bein i nasen, skulle bli skreppekarar. Det var snøggaste måten å få ei rund setlabok på. Dei fleste bygder hadde sine skreppekarar. Sume tok ut på langferd, og det var mange vesser som reiste som skreppekarar på Nord-Noreg, namna deira finn ein den dag i dag heilt nord i Vadsø. Han Isak Vetla-Saue var mellom dei som reiste på Nord-Noreg i mange år. På sine gamle dagar brukte han hest når han var ute med skreppa, då var det helst i Vosse og Hardangerbygdene han heldt seg. Han hadde ei diger skreppe. Ho vog nærepå 200 kg, og der hadde han alt mogeleg, jamvel sko. Noko med det siste han tok i ferd med, var å ta opp tinging på tøflar, sko og støvlar, som han sjølv laga av gamle bilslangar.

Han Isak Vetla-Saue var elles kjend som ein skrue. Han gjorde som snigelen; drog huset med seg på ryggen, eller på vogna. Huset såg ut som ei seng med tak over, so Vetla-Sauen var tidleg ute med «campingvogn».

Illustrert av: OLAF HUSTVEDT

I sine yngre dagar dreiv han garden heime på Saue, då la han vassrøyr frå stølen og heim til garden. Han skulle «rasjonalisera» mjølketransporten. Men det gjekk ikkje so bra med denne oppfinninga som han hadde tenkt. I sumarvarmen vart mjølka opp-varma ned stølsbakkane, for vassleidninga låg oppå bakken. Når han Isak skulle tappa mjølka heime på garden, var ho sur!

Lars J. Skorvehagen var ein kjend skreppekar. Han hadde eit lite bruk under garden Lidsheim i Vestbygda. Men kvar vinter reiste han med skreppa, for det meste rundt på gardane i Vossebygda. Han hadde mange faste kjøparar, og alle rekna med å få det dei trong når Skorvehagen kom. Av varene han selde, kan ein nemna: Briller, auke-glas, knappar, sokser, tråd, vestaspenne, piper, falleknivar, munnspel, munnhorper, alle sorter ty, og mangt anna. Han hadde lenge ei fast årviss rute, so kjerringane kunne rekna ut når han var ventande.

Skorvehagen var uvanleg flink til å rekna i hovudet, og han var alltid blid og i godt humør. Når han var ute med skreppa, gjekk han alltid med høge skaftestøvlar. Det var vanleg at skreppekarane var godt skodde. Skorvehagen var flink til å bryggja og var aldri øllens. I Flyane dei kallar, gjekk han ein kveld utfor eit stup i mørkret og slo seg stygt. Han vart liggjande ei heil tid etter den medfarten. Ein gong han rodde over Seimsvatnet, steig han for tidleg or båten. Han trudde dei var nådd til lands og heldt på og bleiv der. Men Berje Vethe som var med han, drog han inn att i båten og berga han. Det var seine kvelden og svært mørkt, karane var ute på skinnhandel.

Ein vestbygding, Olav Lidsheim, tok ut med skreppa før han fylte 16 år. Han kjøpte varene sine hjå Skorvehagen, og fekk dessutan gode råd før han tok i veg. Den lange røynsla Skorvehagen hadde som kramkar, kom den unge Lidsheim til gode på denne måten. Fyrste ferda gjekk til Borstranda, og den fyrste stova han handla i, var hjå han «Lars med garden» på Gjerskvål. Han vart vel motteken der, og dette sette mot i han for framtida hans som skreppekar.

Det var mest tyvarer Lidsheim handla med den gongen. Prisane låg kring 38-40 øre for ei aln skjortety eller staut. For blomstra dynetrekk var det 50 øre for ei aln. Ubleikt lereft var heilt nede i 10 øre.

Omsetnaden kunne vera kring 100 kr. på ei veke, alt etter kor godt skreppa var pakka og kor stort utval ein hadde, so det vart bra fortenesta av det.

Det vart alltid litt handel i kvart eit hus han vitja. Kramkarane rekna med å ha godt og vel 14 dagar av ei fylt skreppe. Gard for gard fór han frå Borstrandi til Reppen, vidare til Rødno, Njåtveit og Igdetveitsflaten. Det var vintersdag dette, og mykje snø då han kom dit, ikkje brøytt nokon stad. Ola Igdetveitsfleten hjelpte han og bar skreppa opp til Lars Igdetveit. Der vart han sers godt motteken, og vart buande i mange dagar. Dei lika å få tala med framande og fretta nytt.

Sidan flytte Lidsheimen til Meland og fekk bu hjå Brita Gullbrå som var enkje. Ho var mor til den kjende skiskridaren Johannes Gullbrå. I Holbygdi råka han ein annan unggut frå granne-grenda Dyrvedalen. Han var og ute med skreppa fyrste gongen, dei omgjekk kvarandre fleire gonger på den ferda.

Då han var ferdig med Holbygda, bar det til Tvildes og gardane i Tjukkebygdi. Sidan oppover til Fjose, Tøn og Repål, og so over til Reppen. Denne turen bruka han mesteparten av vetteren på, og reiste sidan i tre vintrar på denne ruta. Berre gode minne hadde han. So tok han seg arbeid i helle-berget på Saue, men flytte seinare over til Norheim.

Fleire gonger seinare laut han ta fram att skreppa og fylla henne med småsaker. Og då reiste han endå vidare, vitja grannebygdene som Teigdalen, Bergs-dalen og heile Strondi, jamvel Jordalen, Nåsi og Nerøydalen var han innom.

Lidsheimen fortalde, at der han ikkje var kjend, sa folk til han:
— Det er ikkje noko mun i å opna skreppa, for det vert ikkje handel likevel! — Men oftast vart det litt korso.

Han hadde litt drops med seg som han gav ungane, og det såg dei seg mun i. Då totte dei vaksne at dei laut handla litt likevel, so skreppekaren visste nok kva han gjorde.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *