Internt referansenummer: 27.03.2009 – A
Kilde:
SOGNE-STUBBAR
Ragnar Kvamme
Teikningar av Odd Børretzen
EGET FORLAG
OSLO 1962
”Til minne om mor og far som båe sette stor pris på ei god soge.”
Klikk her for å lese ”Forord”

Skrivar og tjuv

I Lavik levde eingong ein mann som hette Bård. Han hadde det ikkje alltid så flust, og freista å hjelpa på med å naska og stela litt frå andre.

Om han går det mange soger. Her skal nemnas to.

Det kom eingong melding til sorenskrivaren for Ytre-Sogn om at det var stole ei tjøretunna uti Arnafjorden. Bård vart mistenkt.

Sorenskrivaren som den gongen budde på Skau i Fresvik, sende bod til han Bård om at han skulle innfinna seg i Fresvik og forklara seg. Stakkars Bård. Han våga ikkje noko anna enn å koma. Dei var i den tida under hard hand av embetsmennene.

Vel framkomen, sa sorenskrivaren til han:

«Jeg synes det ikke er noget å tiltale deg for dette med tjæretønnen. Du burde heller have en premie for å ro så lang vei.»

Bård svara:

«Ja, eg ska segja skrivaren da at eg rodde or Lavik ette da va aodaga (skymt) og kom heim atte før da va ljost om måroen. Da va ikkje eit meneskje so saog meg. Tykkje ikkje skrivaren atte da va godt gjort?»

Skrivaren svara:

”Jo, det synes jeg Bård. Det vil jeg gi deg nogle dager for.”

Eingong like for jul var han Bård og nokre andre i Fidn. Her stjal dei tomt eit stabbur. Sidan Bård hadde vore på dei kantar, vart han sjølvsagt mistenkt.

På ny fekk han ordre om å mota hjå skrivaren.

Skrivaren sa då til Bård:
«At du og de andre ville stjele mat når dere ingen mat hadde, det er nu så sin sak, men at dere skulle tage all maten fra mannen nu like for julehøytiden slik at han og hans familie samt tjenerskap ingenting skulle have, det synes jeg var hjerteløst.»

Då svara Bård:

«Ja, da va da eg sa eg og, at me skulle stela med vit.»

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *