Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Skrømt

Han Gammal-Ivar hadde ein haustkveld vore roen inne på Sifjorden etter akkaren. Då han hadde prekevert båten og fangsten, tok han til å gå over Eidet. Han var kledd i skinuhyre, og dei stivfrosne kleda gnissa når han gjekk.

Best det var, syntes han at han hørte ein som so :

«T-a-k h-a-n, t-a-k h-a-n.»

Gubben sette farta opp, men då sa det mykje nærare:

«Tak han, tak han, tak han!»

Då la han på sprangs, men då skreik det rett atti hælane på han:

«Tak han snart, tak han snart!»

Kallen kom andpusten og vettskremt inn gjennom døra heime.
(Alf Aronsen)

I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *