Internt referansenummer: 03.05.2011 – Bok
Kilde: Humor og folkeminne frå det gamle Kvinesdal
Av Ånen Årli
Trykk: S. Bern. Hegland A.S. – Flekkefjord november
Illustrasjoner av Kåre Sandvand (“Sandis”)
Klikk her for å lese “Forordet”

Skrømtesoge frå Jerstad

 

Ein gut frå Jerstad skulle gå frå Dugan til Jerstad ein vinterkveld. Han gjekk på ski og tok beinvegen over slettene i Dugan og opp bakkane over Tvørrli. Då han kom opp i bakken, stod det med eitt ein kar og stengde vegen. Guten veik unna for å gå framom den framande. Men karen stengde der og. Slik freista han mange gonger å koma fram, men det var til fånyttes. Då blei guten arg og treiv skistaven med begge hender og slo til den framande.

Då blei staven reven ut or hendene og slengt bortover. Nå var den framande borte. Då blei guten redd og tok ein omveg heim.

Dagen etter tok guten skia og gjekk for å sjå etter staven og skispora til den framande. Han fann att staven, men han fann bare att sine eigne spor.

Karen_stengte_vegen

– stod det med eitt en kar og stengde vegen.
Illustrert av Kåre Sandvand («Sandis»)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *