Internt referansenummer: 03.05.2011 – Bok
Kilde: Humor og folkeminne frå det gamle Kvinesdal
Av Ånen Årli
Trykk: S. Bern. Hegland A.S. – Flekkefjord november
Illustrasjoner av Kåre Sandvand (“Sandis”)
Klikk her for å lese “Forordet”

Skrømtet i Dramrikskjerret

Damrikskjerret

Dramrikskjerret.
Fotograf ukjent.

Kartefantane, som Magnus Breilid skreiv om i boka «Farne tider», budde i Karten i Kleivan. Her er synlege husmurar. I folketelinga frå 1801 er plassen kalla Moishei. Då budde her 6 menneske, men dei var komne frå Eiken året før.

Segna seier at ein mann frå Karten, ein frå Årli og ein frå Stølen ved Gløvre, drap ein kramhandlar frå

Tinn i Telemark. Dei visste at kramhandlaren hadde mange pengar og skulle reisa over heia til Hægebostad. Han hadde hest med.

Ein av røvarane stod vakt og dei to andre skulle slå mannen i hel. Drapsstaden var ved Dramrikskjerret innafor Årli. Dei gamle kunne syna staden der han blei ihelslått og staden der han blei nedgraven. Pengane hans grov dei ned i ei ur i Bankarlia. Men dei grov dei så godt ned at dei fann dei ikkje att. Det har vore folk og leita etter pengane i mi tid. Hesten til kramkaren leidde dei opp på Treskoheia og slo han i hel og la kadaveret under ein heller ved Holekjødn. Dei gamle kunne minnast store hestebein under denne hellaren.

Kramhandlardrapet

– der drap dei ein kramhandlar frå Tinn i Telemark.
Illustratør: Kåre Sandvand («Sandis»)

Det er sagt at då ein av mordarane låg og skulle døy, tilstod han alt. Sidan har det vore skrømt rundt Dramrikskjerret.

Ein mann frå Jerstad hadde leiga ei utslåtte på Kvinesheia. Han slo høy heile dagen, men det blei ikkje turt nok til å bera inn i løa. Han måtte gå til Årli og overnatta. Då han gjekk framom Skrømtesteinen i Bankarlia, fekk han sjå og høyra noko som han ikkje kunne tala om etterpå. Då han fekk sjå elden i omnen i Årli, blei han så sjuk at det stod om livet. Den som hadde sett og høyrt skrømt, tolde ikkje å sjå eld etterpå.

Ei jente frå Årli var inne i utmarka og gjætte krøteret for far sin. Då ho kom til Dramrikskjerret, fekk ho sjå eit lite dyr som kom opp or myra. Det raraste var at dyret vaks og vaks. Ho blei så redd at ho blei mest vetskræmd og sprang frå krøterflokken.

Då ho kom heim, seig ho heilt saman og kunne ikkje tala.

Bestefar til Sakken i Stolpan hadde vore ein tur i Hægebostad. Då han kom til Dramrikskjerret, fekk han sjå ein gråkledd mann som ropte at han måtte stoppa, han hadde noko å preka med han om. Sakken sin bestefar såg at dette var ein gjengangar. Han gjekk i klede han hadde med seg or grava.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *