Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Skrubb i Skjold

I gamle dagar var det fullt av skrubb i Skyld og bygderne derikring. Han heldt seg helst i fjelli; men rett som det var, gjorde han ferder ned paa bøarne. Det var til stor skade fyr folk.

So tenkte dei aa gjera ein freistnad og jaga skrubben av. Folk samla seg i store flokkar og sette etter skrubben alt inn til Sandeid. Dei remja og skreik, gnydde og huja so det var fælt aa høyra, og stygt maatte det vel laata naar dei skulde skræma skrubben. Alle var med, og dei fór i slik ein fart at dei mest ikkje visste kvar dei var. Ein mann fraa Vikadal kom rennande og saag seg so lite fyre at han rende burti eit tre og miste det eine auga.

Ikkje rettare en eg veit, fekk dei skræma skrubben, so han ikkje vaaga seg yver Sandeid etter den dag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.